Hopp til innhold

Obama: Dei rikaste må betale meir skatt

– Det er heilt nødvendig med auka skatt for dei rikaste, om vi skal kvitte oss med det store budsjettunderskotet, sa Barack Obama i ein fjernsynstale i kveld norsk tid.

Obama talte om hvordan han vil få skikk på den amerikanske økonomien.

VIDEO: Sjå heile talen til Barack Obama.

– Vi kan ikkje kutte oss til velstand. Dersom vi meiner alvor om å kutte budsjettunderskotet må vi skatte dei rikaste hardare, sa Obama, og la til at det er snakk om berre ein liten skatteauke.

John Boehner stilte tøffe krav til persident Barack Obama.

Invitert til møte. John Boehner er fleirtalsleiar for Republikanarane i Representanthuset.

Foto: JONATHAN ERNST / Reuters

Obama sa i talen at amerikanarane har røysta for at det blir fleire nye jobbar og økonomisk vekst, og ikkje at alt skal bli som før. Han ynskjer ein plan som skal redusere underskotet på ein balansert og ansvarleg måte.

– Valet tysdag viser at fleirtalet av amerikanarane er samde med meg på dette feltet. Eg vil at Kongressen skal reflektere dette fleirtalet, sa han i talen.

– Open for kompromiss

Den nyleg attvalde presidenten sa at han ikkje vil stå knallhardt på alle detaljar i planen, og at han er open for kompromiss. – Men eg vil avvise alle planar som ikkje er balanserte, sa han.

USAs president Barack Obama inviterer komande veke leiarane i Kongressen til krisesamtalar i Det kvite hus om budsjettet.

Nancy Pelosi

Invitert til møte. Nancy Pelosi er leiar for Demokratane i Representanthuset.

Foto: ALEX WONG / AFP

Han inviterer fleirtalsleiaren i Representanthuset, republikanaren John Boehner, leiaren for Demokratane i Representanthuset, Nancy Pelosi, majoritetsleiaren i Senatet, demokraten Harry Reid og leiaren for Republikanarane i Senatet, Mitch McConnell til møtet.

– Utrygg stemning

Han sa i talen sin i kveld at semje om budsjettet vil fjerne mykje av den utrygge stemninga som har bygt seg opp rundt den amerikanske økonomien.

– Det skulle ikkje vere naudsynt med lange forhandlingar og drama for å unngå skatteauke for middelklassa, sa han blant anna i talen sin.

Han gjorde det også klart at dersom det ikkje blir semje om tiltak for å redusere underskotet, så blir breiare skatteauke resultatet.

– Uaktuelt med skatteauke

Så seint som i går gjorde John Boehner det klart at det er heilt uaktuelt med skatteauke. Han var sikker på at Representanthuset ikkje vil godta det, og han er heller ikkje sikker på at eit slikt forslag vil bli godteke av Senatet heller.

I ein kommentar dagen etter at Obama vart attvald sa han likevel at republikanarane ikkje vil motsetje seg auka statsinntekter for å redusere underskotet, så lenge djupe kutt var ein del av pakka.

President Barack Obama

President Barack Obama er tilbake i Washington etter å ha blitt attvald. Første prioritet blir å unngå at kraftige budsjettkutt og skatteaukar.

Foto: JASON REED / Reuters

Obama har eit sterkt kort over for Republikanarane. Om det ikkje blir ein ny avtale om budsjettkutt og forlenging av skattekutta, kan Republikanarane lett få skulda for skatteauke for alle amerikanarar og nye nedgangstider.

Veksande statsgjeld

Republikanarane, som er dei som er mest uroa for underskotet og den veksande statsgjelda, har heile tida konsekvent nekta å akseptere skatteauke for å redusere underskotet.

Demokratane vil at alle innsparingar skal skje gjennom ein kombinasjon av skatteaukar for dei rikaste og mindre omfattande kutt i sosial-, helse- og utdanningsbudsjetta.

Obama får støtte frå budsjettkontoret i Kongressen (CBO). Her har dei gjort utrekningar som viser at høgare skatt for dei som tener over 200.000 dollar (1,15 mill kr), ville få minimal verknad på den økonomiske veksten i 2013.

Skatteauke

Om skattekutta som George W. Bush innførte blir vidareførte for alle, vil veksten auke med litt under 1,5 prosentpoeng. Om kutta blir avslutta for dei rikaste, vil auken i veksten bli marginalt mindre, 1,25 prosentpoeng, ifølgje CBO.

Boehner har sagt at skatteauke for dei rike vil gi 700.000 færre nye arbeidsplassar, medan CBO meiner talet blir 200.000.

Om det ikkje blir semje om ein nye budsjettavtale, så blir avtalen om automatiske kutt over heile fjøla vidareført. Denne avtalen vart gjort då demokratane og republikanarane i Kongressen i fjor møtte veggen og ikkje greidde å bli samde.

Det vil bety at skattereduksjonane til Bush blir avslutta, og at dei automatiske kutte blir sette i verk.

SISTE NYTT

Siste nytt