NRK Meny
Normal

- Semje om å løyse striden med dialog

USAs utanriksminister John Kerry seier at utanriksministrane i Ukraina, Russland og fleire andre land er samde om å løyse Ukraina-striden gjennom dialog.

John Kerry (t.h.) og Sergej Lavrov i møte Paris.

John Kerry (t.h.) møtte sin russiske kollega Sergej Lavrov (t.v.) i Paris onsdag.

Foto: Kevin Lamarque / Ap

Kerry heldt ein pressekonferanse i Paris i kveld. Han gjorde det klart at samtalane vil halde fram i dei komande dagane. Sjølv skal Kerry ha eit nytt møte med sin russiske kollega Sergej Lavrov i Roma torsdag.

Kerry sa at det no er fleire idear på bordet om korleis ein kan løyse krisa, og at han vil arbeide tett opp mot president Barack Obama.

– Håp om løysing

– Vi tok initiativet til ein prosess i dag som vi håpar skal kunne løyse striden, sa Kerry blant anna.

Det var ei stund håp om at Sergej Lavrov skulle gå med på å møte utanriksministeren i den førebelse regjeringa i Ukraina. Russland har nekta å godkjenne denne regjeringa, som vart danna etter at president Viktor Janukovitsj vart avsett.

Kerry sa også på pressekonferansen at han skal snakke meir med den ukrainske statsministeren og utanriksministeren utover kvelden. Han sa også at han hadde håp om å finne ei diplomatisk løysing på krisa, slik at det ikkje blir aktuelt å innføre sanksjonar mot Russland.

NATO vil revurdere

Samstundes har NATO i dag gjort det klart at organisasjonen vil vurdere på nytt alt samarbeid med Russland. Generalsekretær i NATO, Anders Fogh Rasmussen sa i dag at krisa i Ukraina har alvorlege konsekvensar for det euroatlantiske samarbeidet.

NATO har alt avgjort at det ikkje vil bli halde møte på lågare plan med Russland, og dei avlyser samarbeidet om å bli kvitt dei kjemiske våpena til Syria.

Saka blir oppdatert

LES OGSÅ: Pro-russiske demonstrantar okkuperte rådhuset i Donetsk igjen

LES OGSÅ: Med skarpladde våpen – ti meter fra hverandre

LES OGSÅ: FNs spesialutsending truet – skal ha avsluttet oppdraget på Krim

LES OGSÅ: Russland beskylder ukrainsk protestleder for terror-planlegging

LES OGSÅ: Strid om skarpskyttarar i Kiev

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt