Hopp til innhold

- Sjå på det som campingferie

- Sjå på opphaldet i telt som ein campingferie, seier statsminister Silvio Berlusconi til jordskjelvoffera i Ambrusso-regionen.

Video nsps_upload_2009_4_8_15_1_20_2773.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Nett-TV: Silvio Berlusconi seier at dei heimlause har alt dei treng.

Det er ikkje uvanleg at Silvio Berlusconi uttrykkjer seg lite heldig, og det gjorde han også i dag tidleg då han uttalte seg til fjernsynsstasjonen N-TV.

Han gav uttrykk for at dei heimlause no har alt dei treng.

Barn leikar i teltleir i utkanten av L'Aquila

Desse jentene prøver å leike litt i teltleiren.

Foto: PIER PAOLO CITO / AP

- Dei har både helsetilsyn og varm mat. Sjølvsagt er overnattingssituasjonen noko provisorisk akkurat no, men dei bør sjå på dette som ein campingferie, sa han til fjernsynsstasjonen.

- Dette er ei skam. På fjernsynet seier dei at alt er under kontroll, men vi kjem oss ikkje ein gong inn i telta våre, seier ein kvinne til AFP.

Trass i at det er sett opp teltleirar der dei fleste har fått plass, er det framleis mange som overnattar i bilane sine. Frivillige organisasjonar som leverer ut mat til dei heimlause seier at det ikkje er nok telt, og at toalettforholda er altfor dårlege.

Frå ein teltleir i utkanten av L'Aquila.

- Sjå på det som ein campingtur, seier statsministeren til dei mange som bur i telt i jordskjelvområdet.

Foto: Alessandro Garofalo / REUTERS

SISTE NYTT

Siste nytt