Rumsfeld sikta truleg til at leiaren for FN sine våpeninspektørar, Hans Blix, og leiaren for Det internasjonale atomenergibyrået, IAEA, Mohamed ElBaradei, denne helga er i Bagdad for å gjere eit siste forsøk på å få Irak til å samarbeide.
USAs forsvarsminister Donald Rumsfeld ventar ei snarleg avklaring om Irak. (Reuters-foto)
Dei to skal gi ein ny rapport til Tryggingsrådet førstkomande fredag, og det er venta at denne rapporten vil vere avgjerande for spørsmålet om FN vil godta eit angrep på Irak eller ikkje.
Avvæpning
Rumsfeld gjorde det klart under tryggingskonferansen han deltek på i München klart at han ikkje har noko tru på at Saddam vil late seg avvæpne på fredeleg vis. Han trur heller ikkje at våpeninspektørane til FN vil finne ulovlege våpen i Irak, sjølv om dei får lengre tid på seg.
Rumsfeld minte forsamlinga om at Irak er eit like stort land som Frankrike, og at det er godt mogleg å gøyme unna ulovlege våpen.
Den amerikanske forsvarsministeren gjorde det også klart tolmodet med Irak og Saddam Hussein no er slutt. 12 år med diplomati, økonomiske sanksjonar og avgrensa militære operasjonar har ikkje ført fram. Handelsblokaden av landet har ikkje hindra regimet å få tak i dei varene dei vil ha, sa Rumsfeld blant anna.
- Dei vestlege landa greidde å hindre at Sovjetunionen fekk varer vi ikkje ville at dei skulle få i 40 år. Dette har vi ikkje greidd med Saddam Hussein. Grensene til Irak lek som ein sil, sa Rumsfeld.
NATO-kritikk
Rumsfeld kom også med sterk kritikk mot dei NATO-landa som har motsett seg å lage konkrete planar for korleis organisajonen skal hjelpe Tyrkia i tilfelle ein krig mot Irak. Tyrkia er einaste landet i NATO med grense mot Irak.
- Det er utilgjeveleg at to eller tre NATO-land skal hindre ei avgjerd om å hjelpe Tyrkia. Dette undergrev NATO sitt truverd, sa Rumsfeld, med klar adresse til vertslandet Tyskland. Han meinte at dette sende eit signal til Saddam Hussein om at NATO er usikre og manglar vilje til å støtte ei avvæpning av Irak.
Håp
Donald Rumsfeld sa også at USA framleis har håp om at det ikkje blir naudsynt å gå til krig mot Irak, men gjorde det også klart at risikoen med ein krig må vegast opp mot risikoen om ikkje å gjere noko. - FN si truverd står på spel dersom ikkje verdsorganisasjonen handlar kraftfullt i Irak-spørsmålet, sa han.
Det er venta at rundt 8000 menneske vil delta i demonstrasjonar mot USA og planane om krig mot Irak i München i dag.