Sist veke vart det klart at norske stortingsrepresentantar, på oppdrag frå selskapet Peer Gynt AS, hadde valt industrileiaren og gründeren Kjell Inge Røkke til årets Peer Gynt.
Guantanamo
Petter Eide beklagar sterkt at Røkke får denne heidersprisen på grunn av at Aker Kværner, der Røkke er hovudaksjonær, har hatt oppdrag på den amerikanske Guantanamo-basen på Cuba.
Amnesty i Noreg likar ikkje at Kjell Inge Røkke får Peer Gynt-prisen. (Scanpix-arkivfoto)
USA blir skulda for å tortur og anna mishandling av fangane der, noko Amnesty gjentekne gonger har påpeika.
- Fangeleiren er i strid med internasjonal lov og menneskerettane. Kravet er at fangane må sikrast rettstryggleik, og dette er noko norske styresmakter har stilt seg bak. Aker Kværner sitt amerikanske dotterselskap har tent 350 millionar kroner på Guantanamo sidan 2002, seier Eide.
Revolusjonsgarden
Petter Eide nemner også at Aker Kværner har eit omfattande forretningsmessig samarbeid med revolusjonsgarden i Iran.
- Revolusjonsgarden er sjølve utøvaren av grove brot på menneskerettane i Iran, men heller ikkje dette samarbeidet synest Aker Kværner er i strid med selskapet sine verdiar, seier Eide.
Han meiner at selskapet Aker Kværner ASA, og eigaren Kjell Inge Røkke, ikkje har vist naudsynt samfunnsansvar.
- Internasjonalt er norske styresmakter ein profilert faneberar og støttespelar i arbeidet med å styrkje vernet om menneskerettane, og med å få auka folkus på bedriftene sitt etiske ansvar. Dette bør også avspeglast i norske politikarar sine haldningsar og politikk overfor norske bedrifter. Det er difor eit svært uheldig signal at stortingsrepresentantar ærar Kjell Inge Røkke på denne måten, seier Amnesty-generalserektæren.
Samfunnsnyttig
Petter Eide viser til at det i grunngjevinga for prisen heiter at Røkke har markert seg på ein positiv måte på det samfunnsnyttige plan, og som har gjort Noreg kjent i utlandet.
Han minner om at Aker Kværner ASA 20. juni 2005 vart innmeldt for brot på OECD sine retningsliner for fleirnasjonale selskap, på grunn av verksemda på Guantanamo.