NRK Meny
Normal

- Reis heim til Swatdalen

Pakistans statsminister Yousuf Raza Gilani seier at dei to millionar internt fordrivne i den nordvestlege delen av landet, kan vende tilbake til heimane sine frå 13. juli.

Yousuf Raza Gilani er statsminister i Pakistan.

Yousuf Raza Gilani seier flyktningar vende heim til Swatdalen.

Foto: K.M. Chaudary / AP

Det er den pakistanske hæren sin offensiv mot Taliban i dette området som har ført til den enorme flyktningstraumen.

Offensiven starta i april i år, og dei fleste av dei nesten to millionar flyktningane har søkt tilflukt hos slektningar lenger sør i landet.

Dobbeltflyktningar

Ein halv million av flyktningane flykta i fjor frå eit anna området i grenseområdet mot Afghanistan, slik at dei vart dobbeltflyktningar etter den nye militære offensiven.

Statsministeren seier at flyktningar frå Swatdalen kan dra heim.

Statsministeren seier at flyktningar frå Swatdalen kan reise heim.

Foto: SAJJAD QAYYUM / AFP

Gilani sa i dag at hæren framleis vil vere i området for å sikre tryggleiken til dei sivile, og for å delta i gjenoppbygginga av bygningar og infrastruktur.

- Over 1700 militante er drepne i denne operasjonen. Våre soldatar har også hatt tap, og mange er såra. Men dei har eliminert ekstremistane, sa Gilani til journalistar i hovudstaden Islamabad.

Framleis kampar

Det ligg ikkje føre uavhengige opplysningar som kan stadfeste tala den pakistanske statsministeren opererer med.

Pakistanske offiserar har tidlegare sagt at Taliban-opprørarane er jaga ut av Swat-dalen og nabodistrikta Buner og Lower Dir, men det framleis er kampar i ein del avgrensa område.

Taliban-talsmenn har sagt at dei langt frå er slått, og at dei framleis vil angripe pakistanske soldatar i området.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

LES OGSÅ: 45 drept i flyangrep i Pakistan

LES OGSÅ: Eksplosjon i Rawalpindi

LES OGSÅ: Ambassaden i Pakistan stenger

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt