Hopp til innhold

- Regjeringa fører folk bak lyset

- Noreg er med på ein stormaktskrig som berre gjer vondt verre i Afghanistan, meiner Erling Folkvord (Raudt).

Erling Folkvord
Foto: Skotåm, Per Gunnar / SCANPIX

Erling Folkvord frå partiet Raudt har nettopp landa på Gardermoen etter fleire dagar i Afghanistan. Han er ikkje nådig i kritikken mot den norske regjeringa.

Sjå Folkvord i Dagsnytt 18 .

Han meiner grunnlaget for den norske militære tilstadeveringa i landet er heilt feil.

Jonas Gahr Støre og regjeringa har ført folk i Noreg bak lyset. Dei tek fattigfolk i Afghanistan til inntekt for ein okkupasjon, utan å ha snakka med dei det gjeld.

Erling Folkvord

Vil kjempe frå Stortinget

Allereie før turen gjorde Folkvord det klart at han vil gjere soldatane i Afghanistan til si viktigaste sak om han får plass på Stortinget etter valet.

Les: Soldatene må hjem

Etter turen er han minst like overtydd om at norske styresmakter må trekkje alle soldatar ut frå Afghanistan.

- Noreg har dessverre meldt seg på og vorte med som deltakar i den same type stormaktskrig som har herja og øydelagt Afghanistan i 30 år. Noreg må ut av det, seier Folkvord.

På bloggen sin utdjupar politikaren standpunktet på følgjande vis.

- Dei fleste av dei norske soldatane var lenge i eit fredeleg område. Dei har oppført seg slik at dei har eit betre omdøme enn til dømes amerikanarane. Noregs hemmelege spesialstyrkar har heile tida spelt ei anna og meir sentral rolle i krigen. Dei har plukka ut mange av dei amerikanske bombemåla, skriv Folkvord i det siste blogginnlegget frå Afghanistan.

- Trass desse verkelege skilnadene, skal vi vere klare over at fattigfolk på landsbygda ikkje held orden på at ISAF er sett saman av soldatar frå om lag 40 land. For dei er vi alle amerikanarar.

- Etter ønskje frå Afghanistan

Tarjei Skirbekk, som er politisk rådgjevar for Jonas Gahr Støre, avviser at folk vert førte bak lyset og understreker at den norske deltakinga byggjer på eit FN-mandat.

Vi ønskjer på sikt å trekkje oss militært ut av Afghanistan. Det gjer alle land. Men den afghanske regjeringa og det afghanske folk ønskjer at dei skal vere der, og det er heilt klart også eit behov for at det internasjonale militære nærværet er der for å slå tilbake igjen sterke krefter som blant anna Taliban.

Tarjei Skirbekk

- Fekk ikkje møte norske soldatar

Afghanistan
Foto: Per-Gunnar Skotåm / SCANPIX

Tidlegare denne veka rasa Folkvord over at han ikkje hadde fått besøkje dei norske soldatane i Meymaneh i Afghanistan. Han meinte han vart behandla annleis enn andre politikarar.

- Eg meiner det var urimeleg. Det betyr at Raudt er det einaste partiet som ikkje har fått lov til å besøkje dei norske styrkane i Meymaneh, sa Folkvord til Aftenposten.no .

Utspelet har fått den norske kontingentsjefen i Afghanistan til å sjå raudt. Oberst Ole-Asbjørn Fauske hevdar Folkvord fekk høve til å vitje soldatar i byen Mazar-i-Sharif, men at han takka nei til dette tilbodet.

Folkvord avviser at han fekk eit slikt tilbod.

Klokka 18.00 møter Folkvord oberst Ole-Asbjørn Fauske og politisk rådgjevar til debatt i Dagsnytt .

SISTE NYTT

Siste nytt