- Dette er svært gledeleg nytt. Det er noko Noreg og eg sjølv har engasjert oss for.
Statsminister Kjell Magne Bondevik ser på frifinninga som svært gledeleg nytt. (Foto: Knut Fjeldstad, Scanpix)
Det var ein umenneskeleg dom, og at han no blir oppheva, gledar meg veldig, seier Bondevik.
- Kvifor har du engasjert deg i nettopp denne saka?
- Fordi eg er prinsipiel mostandar av dødsdom. Eg synest det er meiningslaust at nokon skal avstraffast med å bli fråtekne livet. Og endå meir i ei slik sak der ho ikkje hadde gjort noko anna enn å føde eit barn utanfor ekteskap, seier Bondevik.
Umenneskeleg
Han meiner den islamske sharia-lovgjevinga på dette området er umenneskeleg.
Firebarnsmora blei for halvtanna år sidan dømd til døden ved steining. (Foto: Scanpix)
- Vi får glede oss over at Amina Lawal no får leve. Men dessverre har vi fått nye opplysningar om andre som no er utsette for tilsvarande dommar.
- Ja, fleire andre er dømde til døden ved steining i Nigeria dei siste vekene. Seinast i dag blei ein ung mann dømd til døden ved steining fordi han hadde hatt sex med tre gutar. Kjem du til å engasjere deg i desse sakene?
Kontakt
- Ja, vi vil halde fram engasjementet vårt mot dødsdommar generelt, og i slike tilfelle spesielt. Eg har teke dette opp med presidenten i Nigeria eit par gonger. Korleis vi skal forfølgje dette i forhold til dei andre sakene, må vi vurdere.
- Betyr det at du kjem til å ta kontakt med presidenten i Nigeria no?
- Det trur eg godt kan bli utfallet, svarar Bondevik, som seier han vil gjere kva han kan for å halde oppe merksemda mot problemtet generelt og enkeltsaker spesielt.