Hopp til innhold

- Øydeleggjande for forholdet Kina-USA

USAs president Barack Obama hevar våpenblokaden av Vietnam. – Øydeleggjande for forholdet til Kina, seier kinesisk kommentator.

I eit intervju med Urix seier Victor Gao, som står nær kinesiske styresmakter, at det å opne for våpensal til Vietnam, ikkje blir godt motteke i Beijing.

VIDEO: Kina let seg ikkje bølle med, seier Victor Gao.

I eit intervju med Urix på NRK2 tysdag kveld seier Victor Gao, som står nær kinesiske styresmakter, at det å opne for våpensal til Vietnam, ikkje blir godt motteke i Beijing.

– Alle kan forstå at når Vietnam kjøper våpen frå USA, så vil desse våpena kunne bli retta mot Kina. Frå eit kinesisk perspektiv er opphevinga av forbodet om våpensal til Vietnam øydeleggjande for USAs forhold til Kina, seier Gao blant anna.

– Medverka til kaos

Han reagerer også sterkt på fråsegna til Barack Obama, som er på offisielt besøk til Vietnam, om at store land skal ikkje skal bølle med mindre land.

– Det er nesten morosamt å høyre dette frå USA, eit land som har ei historie der dei har bølla med både små og store land. USA har engasjert seg i tallause konfliktar opp gjennom åra, og dei har medverka til å skape kaos, seier Victor Gao.

Den kinesiske kommentatoren viser til at Kina, i motsetning til USA, ikkje har soldatar i utlandet, bortsett frå dei som tek del i FN-teneste. Kina deltek ikkje i aggressiv krigføring, seier han.

Barack Obama og Tran Dai Quang.

USAs Barack Obama (t.v.) saman med den vietnamesiske kollegaen sin, Tran Dai Quang, i Hanoi.

Foto: CARLOS BARRIA / Reuters

– Amerikansk dobbeltmoral

Victor Bao er også sterkt kritisk til det han meiner er amerikansk dobbeltmoral.

– Amerikanske leiarar kjem gong på gong til Beijing for å få til samarbeid om alt frå Iran til kampen mot terror. Samstundes gjer dei alt dei kan for å øydeleggje forholdet mellom dei to landa, og også Kinas forhold til naboland, slik som no med Vietnam, seier han.

På spørsmål om Obamas utspel vil påverke Kinas politikk overfor dei mindre landa, som er involverte i ein strid om omstridde øyer i Sør-Kina-havet, seier Victor Gao dette:

– Alle nasjonar i verda, både små og store, bør har dei same rettane. Men det betyr ikkje at små land har rett til å provosere eit stor land som Kina. Vi let oss ikkje bølle med, vi vil stå fast på våre rettar. Eg håpar USA hugsar kva som skjedde i Korea og Vietnam, seier han.

– Øyene er kinesiske

Han slår fast at Kina ikkje vil late seg rikke frå posisjonen om at øyane i Sør-Kina-havet er rettmessig kinesiske, og han åtvarar USA mot å provosere fram ein krig med Kina. For då vil Kina vere klar, legg han til.

– Ein slik krig vil vere ein tragedie både for USA og Kina, og resten av verda vil lide. Ingen burde provosere fram ein krig, seier han.

Victor Gao viser til at dei omstridde øyene i Sør-Kina-havet vart kinesiske som del av oppgjeret etter andre verdskrigen, og at dette var i tråd med internasjonale avtalar.

Sjå heile intervjuet med Victor Gao i Urix på NRK2 kl. 20.25

SISTE NYTT

Siste nytt