Hopp til innhold

- Overveldande bevis mot Kreta-valdtekter

Femti vitne og ein signert kvittering frå ein gullforhandlar skal vera blant bevisa som kan stadfesta at ei norsk kvinne ikkje vart bortført og halden innesperra i eit hus på den greske ferieøya Kreta.

Politistasjonen i Chania, Kreta

Politiet i Chania på kreta har sikta ei rumensk kvinne og etterlyst seks menn etter at ei norsk kvinne har forklart seg om bortføring og valdtekter.

Foto: NEA TV

Det seier advokaten til den 35 år gamle grekaren, som er ein av seks menn som er etterlyste av greske styresmakter for å ha bortført og valdteke ei norsk kvinne i 20 dagar.

– Om lag femti vitne kan stadfesta at den norske kvinna fekk røra seg heilt fritt utan tilsyn, både i huset, i landsbyen og andre stader på Kreta, seier forsvararen John Ntermanakis til den lokale nettavisa goodnet.gr.

– Innesperra og valdteken

Det var laurdag 6.september at den 27 år gamle norske kvinna frå Telemark kom i kontakt med politiet i Chania på den greske øya Kreta.

Til dei forklarte ho at ho hadde vorte bortført, halden innesperra og valdteken i 20 dagar av seks menn og ei rumensk kvinne. Laurdag skal ho ha funne ein nøkkel og greidd å rømma frå valdtekstmarerittet.

Mannen som eig huset der kvinna skal ha vorte halden mot sin vilje og misbrukt seksuelt, er ein namngjeven 35 år gammal grekar. Han skal vera arbeidsgjevaren og husverten til den norske kvinna på Kreta.

– Har gullkvittering

Ifølgje 35-åringen sin forsvarar Ntermanakis, er bevismaterialet mot den norske kvinna sine påstandar overveldande.

I tillegg til fleire titals vitne, skal advokaten også ha signaturen til den norske kvinna på ein kvittering frå ein lokal forhandlar der kvinna skal ha selt gullgjenstandar.

Advokaten meiner dette beviser at kvinna ikkje vart halden i huset mot sin vilje.

Ntermanakis seier til Dagbladet at hans klient er i sjokk over det som har skjedd, og at dei no planlegg å gå til motsøksmål mot den norske kvinna.

– Ingen teikn på valdtekt

Etter å ha forklart at ho skal ha vorte truga på livet og valdteken kvar dag i 20 dagar, blei den norske kvinna undersøkt av ein rettsmedisinar.

I den medisinske rapporten vert det konkludert med at det ikkje vart funne skadar som tyder på at kvinna har vorte valdteken.

– Kvinna har ikkje nyare blåmerke på dei delane av kroppen som er karakteristiske i valdtektssaker, seier leiaren for det rettsmedisinske instituttet på Kreta, Anthony Papadomanolaki til den greske nettavisa.

Han viser til fråvêr av skadar i område kring nakke,bryst, lår, armar og i og rundt kjønnsorgan.

– Indikasjonar på sjølvskading

Papadomanolaki påpeiker at dei framleis ventar på svar på analysar av DNA-prøvar som har vorte sende til eit laboratorium i Athen. Han understrekjer også at kvinna kan ha vorte utsett for psykisk terror.

I den medisinske undersøkinga av kvinna er det rapportert om nyare kutt ulike stader på kroppen hennar.

Ifølgje rettsmedisinaren finst det sterke indikasjonar på at desse kutta er sjølvpåførte.

Rasande på kvinna

Ifølgje kjelder som Dagbladet har snakka med, reiste kvinna frå Telemark heim til Noreg i går. Ho skal ha oppheldt deg på den norske ambassaden i Athen fram til ho forlét landet.

Telemarksavisa skriv at ho blei møtt på flyplassen av helsepersonell og representantar frå politet.

Ei lokal kjelde seier til NRK at naboane og bebuarane i landsbyen Kournas, der overgrepa skal ha funne stad, no er rasande på den norske kvinna.

– Dei meiner dette berre er løgn og oppspinn frå den norske kvinna si side, seier kjelda.

– Dette er galskap

Også den rumenske kvinna (40) som er sikta for medverknad til fridomsrøving og valdtekter, hevdar at det påståtte misbruket er oppspinn.

Den rumenske kvinna som vart pågripen laurdag, blei lauslaten frå varetekt tysdag kveld etter å ha vore i rettsleg høyring i ein lokal domstol.

Ho blei sleppt fri mot ein kausjon på 2000 euro, med forbod mot å reisa ut av landet. Ho må også melda seg på politistasjonen to gonger i månaden, opplyser goodnet.gr.

40-åringen, som bur like ved huset der den norske kvinna skal ha vorte innesperra og misbrukt i vekevis, nektar å ha noko med saka å gjera, og avviser at den påståtte bortføringa og valdtektene har funne stad.

– Dette er galskap. Eg kjenner ikkje denne kvinna i det heile teke. Valdtektsskuldingane er berre oppspinn. Eg skal melde henne til politiet, seier den rumenske kvinna til VG Nett.

Etterlyser ektemannen

Ifølgje politiet i Chania har det ikkje kome fram nye opplysningar i rapporten som får følgjer for etterforskinga.

– Den rumenske kvinna er framleis sikta for medverknad til fridomsrøving og valdtekter, og må møta i retten når rettssaka startar om seks-sju månader, opplyser politibetjent George Kornizakis ved Chania-politiet til NRK.no.

Ektemannen hennar, som skal vera syskenbarnet til den namgjevne 35-åringen, er også mistenkt i saka.

Til saman er seks menn etterlyste. Den rumenske kvinna har så langt ikkje gjeve politiet opplysningar om kvar ektemannen og syskenbarnet oppheld seg no.

– Politiet er ferdig med den innleiande etterforskinga. No er det påtalemakta i Hellas som må avgjera saksgangen vidare, seier han.

– Svært sensitiv sak

Politiet på heimstaden til Telemark-kvinna opplyser at dei enno ikkje har vorte kontakta, korkje av pårørande, gresk politi eller av Utanriksdepartementet.

– Me har framleis ikkje høyrt noko, og har heller ikkje teke initiativ til å gå inn i saka sjølve, seier etterforskingsleiar ved Telemark politidistrikt, Georg Andersen.

Utanriksdepartementet vil ikkje svara på spørsmål om kva norske styresmakter gjer i saka.

– Me bistår med det ho har behov for, det er alt me vil sei. Dette er ei svært sensitiv sak for denne kvinna, og me ber om at media respekterer det, seier underdirektør i Utanriksdepartementet, Ragnhild Imerslund.

Norske styresmakter vil ikkje gje opplysningar om den norske kvinna har fått utnemnd ein bistandsadvokat.

Lokalt politi i Chania kjenner ikkje til at ho skal ha fått ein forsvarar.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.




SISTE NYTT

Siste nytt