NRK Meny
Normal

- Profesjonelt overvakingsutstyr er hyllevare hos private selskap

Overvakingsutstyr av same type som etterretningstenestene i USA og Storbritannia brukar, er hyllevare hos private selskap. Dei beste kundane er udemokratiske regime i den tredje verda.

Muammar Gaddafi

Den avdøde diktatoren Muammar Gaddafi var ein god kunde hos overvakingsselskapa.

Foto: Peter Dejong / AP Photo

Dette går fram av eit omfattande materiale som organisasjonen Privacy International har samla gjennom fleire år. Dette er snakk om liknande type utstyr som GCHQ (Government Communication Head Quarters) i Storbritannia og NSA (National Security Agency) i USA brukar, skriv den britiske avisa The Guardian .

Store messer

Private selskap frå land som Storbritannia, USA, Tyskland, Frankrike, Israel og Dubai marknadsfører varene sine på store messer i Dubai, Praha, Brasilia, Washington, Kuala Lumpur, Paris og London. Privacy International sine granskarar har brukt falsk identitet for å kome på innsida av desse selskapa.

Overvåkning

Avansert overvakingsutstyr er ein internasjonal storindustri.

Foto: Forsvaret

I ein database, Surveillance Industry Index , har Privacy International samla detaljar om 338 selskap som tilbyr i alt 97 ulike teknologivariantar, som kan drive omfattande overvaking.

Eitt av selskapa marknadsfører seg med at utstyret deira kan greie å overvake opp til ein milliard samtalar per dag.

Kundane, som ofte er regjeringar i diktaturstatar i den tredje verda, blir presentert utstyr som gjer det mogleg å tappe Internett-trafikk og telefonsamtalar. Dei får også tilbod om meir James Bond-aktige duppedittar. Slik som kamera gøymde i colaboksar, kamera gøymde i mursteinar, barnesete eller våtserviettar.

Eitt selskap tilbyr å byggje om bilar til å bli mobile overvakingssentralar.

LES OGSÅ: – USA overvåket telefonen til 35 statsledere

LES OGSÅ: Stoltenberg: Tror ikke USA avlyttet meg

Ikkje ulovleg

Utstyret som blir tilbode er ikkje ulovleg, og selskapa sjølve seier at utstyret deira hjelper regjeringar i ulike land til å kjempe mot terror og kriminalitet.

Menneskerettsaktivistar kjøper ikkje denne argumentasjonen. Dei peikar på at diktaturstatar i Asia og Afrika kjøper dette utstyret for å overvakte nettopp dei som kjempar for menneskerettar. Libyas eksdiktator Muammar Gaddafi var kjend for å bruke hyllevare frå overvakingsbransjen i si overvaking av politiske motstandarar.

Matthew Rice i Privacy International meiner at selskapa som driv i denne bransjen tener pengar på at andre menneske har det vondt. Han reagerer på at selskapa ikkje er pålagde nokon form for restriksjonar.

LES OGSÅ: Spiegel: Merkel kan ha vært overvåket i ti år

LES OGSÅ: NSA: – Vi har ikke diskutert overvåkning av Merkel med Obama

– Treng strengare reglar

– Denne mangelen på restriksjonar gjer at selskapa kan selje varene sine til land som brukar overvakingsutstyret sitt til å spionere på menneskerettsaktivistar, journalistar og politiske motstandarar, seier han.

Rice meiner dei enkelte landa bør påleggje desse selskapa like strenge eksportreglar som til dømes våpenindustrien.

Fleire opposisjonspolitikarar i Storbritannia, blant dei Labours Ann McKechin, medlem av våpeneksport-komiteen i parlamentet, seier at ho er sterkt uroa over at avansert utstyr blir selt til regjeringar som ikkje burde ha fått det.

LES OGSÅ: Flere land skal stå bak USAs påståtte overvåkning av allierte

LES OGSÅ: Snowden har fått jobb i Russland

LES OGSÅ: Overvåket 478 e-poster om svensk Muhammed-karikatør

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt