Hopp til innhold

- Over 100 drepne i IS-angrep mot muslimsk fest

Over 100 menneske, dei aller fleste sivile, er drepne i eit bombeangrep i byen Khan Bani Saad i Diyala-provinsen i Irak i dag, seier politi- og sjukehuskjelder til Reuters. Terrororganisasjonen IS seier dei står bak angrepet.

baquba

Bombeeksplosjonen skjedde på ein fullpakka marknadsplass, der fleire tusen menneske feira avslutninga på fastemånaden Ramadan og starten på festen Eid al-Fitr. IS har sendt ut ei melding om at ein «heroisk» sjølvmordsbombar detonerte tre tonn med sprengstoff.

– Tre tonn sprengstoff

– Vår bror køyrde bilen sin fullasta med tre tonn sprengstoff inn i ei samling for Rafidha-militsen, heiter det i ei fråsegn frå IS.

Det IS kallar eit heroisk angrep mot ein sjiamuslimsk milits, var eit blodig angrep på sivile samla til fest, mange av dei kvinner og born.

Talet på drepne er førebels uklart, det varierer frå 40 til over 100, alt etter kva kjelder som uttalar seg. Fleire titals personar er såra i angrepet. Bilete på irakisk fjernsyn viser enorme øydeleggingar.

Sjiamuslimsk by

Byen Khan Beni Saad, som ligg 30 km nordaust for Bagdad, er i hovudsak sjiamuslimsk. Delar av Diyala-provinsen vart tidlegare i år okkupert av IS, men kurdiske militssoldatar og irakiske regjeringsstyrkar har seinare teke tilbake ein del av området. Det har vore harde kampar mellom IS og regjeringsstyrkane i provinsen den siste tida.

Raad Fares al-Mas, representant i det irakisk parlamentet, seier til nyheitsbyrået AFP på telefon frå nabobyen Baquba, at det var ein svært kraftig eksplosjon, som gjorde stor skade.

LES OGSÅ: UNHCR-sjefen: – Megakrise i Syria og Irak

LES OGSÅ: Verdens kulturarv ødelegges av krig - her er de 10 mest sentrale

SISTE NYTT

Siste nytt