Ei kvinne blir gravlagd utanfor Osj i Kirgisistan.
Foto: Sergei Grits / ApHo er ei av fleire hundre menneske som ventar i uvisse på grenseovergangane mellom Kirgisistan og Usbekistan. Det er trykkjande heitt og folk manglar vatn, mat og medisinar. Over 1500 menneske kan ha mist livet i konflikten.
Berre alvorleg såra og dei med alvorlege sjukdomar slepp over grensa til Usbekistan.
Gravplass
- Vi får ikkje hjelp. Vi overnattar ute på gata saman med borna våre, sjølv om det regnar, seier den fortvilte kvinna.
På overflata er det i dag roleg i dei to byane Osj og Jalalabad i det sørlege Kirgisistan, der det dei siste dagane har vore harde kampar mellom etniske usbekarar og kirgisarar.
Men ingen veit kor lenge våpna vil teie.
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
Flyktar til Usbekistan
Kirgisiske soldatar patruljerer gatene i Osj.
Foto: Dalton Bennett / ApOffisielt er talet på drepne dei siste dagane 187menneske er drepne dei siste dagane, men det er frykt for at det reelle talet er langt høgare.
Nettstaden
melder at 1526 menneske er drepne i Osj og området rundt, dei fleste av dei etniske usebekarar. Dette talet er ikkje offisielt stadfesta, men kirgisiske styresmakter blir skulda for å underrapportere talet på døde.Fleire hundre tusen menneske er på flukt. 75.000 har reist til nabolandet Usbekistan, og mange fleire vil gjerne ta seg inn i landet.
Ein journalist frå det franske nyheitsbyrået AFP fortel at i landsbyen Sjark utanfor Osj er eit heilt nabolag på rundt 50 hus nedbrent. På veggane som står igjen har innbyggjarane skrive SOS i ulike fargar.
Davran Badalov (35), som driv eit usbekisk bakeri i byen, seier at husa vart sette i brann av ein gjeng som ropte «Kirgisistan for kirgisasrar».
- Eg veit ikkje kven dei var, men det var både menn i uniformar og sivilkledde. Vi hadde berre steinar å forsvare oss med, seier han.
Utanfor Osj har ei gruppe etniske usebekarar teke kontroll over eit oljelager. Dei truar med å sprengje oljelageret i lufta dersom styresmaktene prøver å ta igjen lageret med makt.
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
- Brutal valdsbruk
Pascale Meige Wagner er ansvarleg for Røde Kors i Sentral-Asia. Han er djupt rysta over det som har skjedd i Kirgisistan den siste veka.
- Det som slår oss er den brutale valdsbruken, kor viljuge folk er til å skade og drepe. Dette gjer oss ekstremt urolege, seier han til BBC.
Fungerande guvernør i provinsen Jalalabad, Bektur Asanov, seier at situasjonen er roleg i hans område i dag. Han håpar at butikkar og gatemarknader vil opne opp igjen i dag.
- I dag er ein dag for sorg, og vi vil gravleggje dei døde. Valdsbruk vil ikkje bli tolerert i dag, seier han.
Mange kvinner er på flukt i det sørlege Kirgisistan.
Foto: Dalton Bennett / ApVerste sidan 1990
Uroa i Kirgisistan er den versten sidan 1990. Dåverande president i Sovjetunionen, Mikhail Gorbatsjov, sende soldatar inn i landet for å slå ned oppstanden. Også den gongen vart fleire hundre menneske drepne.
Etniske usbekarar utgjer rundt 15 prosent av dei 5,5 millionar innbyggjarane i Kirgisistan. Den noverande uroa vart utløyst då tidlegare president Kurmanbek Bakijev vart tvungen til å gå av i april i år.
Dei nye makthavarane har skulda sonen til den tidlegare presidenten for å ha finansiert uroa ved å gi fleire millionar dollar til fare sine støttespelarar. Kirigistan har offisielt kravd Maxix Bakijev utlevert frå Storbritannia, der han har søkt politisk asyl.
Fleire observatørar fryktar at det blir full borgarkrig i Kirgisistan.
- Eg anar ikkje kvar barnebarna mine er, seier denne kvinna.
Foto: Anvar Ilyasov / Ap
LES OGSÅ:
LES OGSÅ: