Syriskfødde Omar Bakri Mohammed åtvara i eit intervju i april i fjor om at han kjende til at fleire islamistiske grupper hadde planar om å gjennomføre angrep i London. Det var ikkje til å unngå, sa han.
Omar Bakri Muhammed skal ha reist frå Storbritannia til Libanon. (Scanpix-foto)
Etter terrorangrepet i London 7. juli gjekk Omar Bakri under jorda, av frykt for å bli arrestert. Sist laurdag reiste han via flyplassen Heathrow utanfor London til hovudstaden Beirut i Libanon, seier ein annan islamist med tilhald i Storbritannia, Anjem Choudary, til nyheitsbyrået Reuters.
Han fortel at Omar Bakri Mohammed har reist frå Storbritannina fordi han meiner at den britiske regjeringa undertrykkjer muslimar, og gjer det umogleg å leve etter bodskapen til Islam.
Omar Bakri Mohammed vart kjend i Storbritannia for sine hatefulle angrep på det britiske samfunnet. Frå moskeen i Finsbury Park i det nordlege London spreidde han i fleire år bodskapen sin, og hadde mange tilhengjarar.
Finsbury Park-moskeen vart ein samlingsstad for ekstreme muslimar i London. Moskeen vart seinare stengd av britiske styresmakter, og vart seinare overteken av meir moderate krefter.
Det har vore eit krav i Storbritannia, blant anna frå fleire aviser, om at Omri Bakri måtte arresterast. Det er uklart om britisk politi visste at han reiste frå landet laurdag.