Hopp til innhold

- Norsk leigesoldat drepen i Aust-Ukraina

Det russiske nyheitsbyrået Tass melder at ein norsk leigesoldat er drepen i kamp mot Aidar-militsen i det austlege Ukraina.

Frivillige frå Aidar-bataljonen demonstererer i Kiev.

Aidar-bataljonen kjempar på ukrainsk side i konflikten i Aust-Ukraina. Her frå ein demonstrasjon i Kiev i fjor.

Foto: Sergei Chuzavkov / Ap

Ifølgje Tass skjedde dette i kamphandlingar mellom ei privat militsgruppe og væpna menn knytte til den nasjonalistiske Aidar-bataljonen. Nordmannen skal ha kjempa for den private militsgruppa.

Kjelde for opplysningane er offisiell talsmann for dei militære styrkane i den sjølvutnemnde Folkerepublikken Luhansk, Adreij Marochko.

– Døydde av skotskadar

Det er uklart om gruppa nordmannen kjempa for støttar dei russiske nasjonalistane, eller om det har vore eit internt oppgjer mellom to grupper som begge støttar ukrainske styresmakter i konflikten.

Nyheitsbyrået til nasjonalistane seier at militsen nordmannen kjempar for deltok på dei ukrainske regjeringsstyrkane si side.

Tass omtalar den norske statsborgaren som leigesoldat. Saka vart først omtalt her i landet av ABC Nyheter .

Marochko opplyser at kamphandlingane skjedde natta mellom 20.- og 21. mai, og at nordmannen døydde at skotskadar. Han er no frakta bort frå byen Stantsija Luhanskaja, som ligg litt nordvest for sjølve byen Luhansk.

Fylket Luhansk har til liks med Donetsk erklært seg sjølvstendige frå Ukraina, og det har vore borgarkrigsliknande tilstandar i området. Russland støttar opprørarane i det austlege Ukraina aktivt. Området går under namnet Donbass.

– Sjekkar opplysningane

Forsker Tor Bukkvoll ved FFI.

Russland-ekspert Tor Bukkvoll seier det er utlendingar som kjempar på begge sider i konflikten i Aust-Ukraina.

Norsk UD opplyser at dei ikkje har fått melding om at ein nordmann er drepen i kamp i Ukraina, men at dei sjekkar opplysningane. UD har heller vorte kontakta av eventuelle pårørande.

UD seier også at det generelt er svært vanskeleg å få ut informasjon frå opprørskontrollerte område i Ukraina.

Den norske ambassaden i Kiev opplyser til NRK at dei ikkje kjenner til saka, og at dei heller ikkje har fått opplysningar om at ein nordmann skal vere såra eller drepen aust i landet. Dei jobbar vidare gjennom dei kanalar dei har hos ukrainske styresmakter.

– Utlendingar på begge sider

Russland-ekspert Tor Bukkvoll seier at han ikkje tidlegare har høyrt at norske statsborgarar kjempar i Aust-Ukraina. Han seier også at det er god grunn til å ta opplysningane med ei klype salt, for i slike situasjonar er det lett for at nasjonalitetar kan bli forveksla.

Han opplyser at det er ein del utlendingar på begge sider i konflikten, men at det ikkje er så mange av dei at dei utgjer eit militært avgjerande element.

– Det gjer derimot russarane som kjempar på nasjonalistane si side, fordi det er så mange av dei, seier Bukkvoll.

luhansk

Saka blir oppdatert