Franske ISAF-soldatar patruljerer i Kabul. (Foto: AFP/Scanpix)
Hamid Agha, som seier han er talsmann for det avsette Taliban-regimet i Afghanistan, seier til nyheitsbyrået Reuters at det var Taliban som utførte angrepet på dei norske soldatane, der ein vart drepen og ein annan lettare skadd.
Sjølvmordsaksjonar
- Vi har fått det rådet å bruke eit kvart høve til å angripe utanlandske soldatar i Afghanistan, og utføre sjølvmordsaksjonar, seier Hamid Agha. Han seier at Taliban vil trappe opp sine angrep i tida framover.
Angrepet på den norske bilkolonna i går kveld var det første angrepet på utanlandske soldatar med rakettdrivne granatar. Dette har skapt frykt i ISAF-leiinga for at den væpna opposisjonen i Afghanistan kan ta i bruk same taktikk som opprørarane i Irak.
General Rick Hillier, sjefen for den NATO-leidde ISAF-styrken seier at granatane som vart skotne mot dei norske soldatane i går vart avfyrde frå ein avstand på maksimum 30 meter.
Hiller sa på ein pressekonferanse i ettermiddag at dei 6400 soldatane frå 35 ulike nasjonar i ISAF-styrken ikkje vil stanse eller kutte ned på operasjonane i hovudstaden Kabul, som den siste tida har vore rekna for å vere ein relativ trygg by.
Første nordmann
I alt 11 soldatar frå ISAF-styrken har mist livet i Afghanistan siste året. 27 soldatar har mist livet sidan Taliban-regimet vart styrta i 2001, eit tal som også omfattar ulukker. Det er første gong ein nordmann har mist livet i teneste i Afghanistan.
Tidlegare angrep mot ISAF-styrken har tidlegare vorte knytte til Taliban, Al Qaida-nettverket og styrkane til krigsherren og tidlegare statsminister Gulbuddin Hekmatyar.