Hopp til innhold

Ny sørkoreansk president ser Nord-Korea som alvorleg utfordring

Den nye presidenten i Sør-Korea, Park Geun-hye, ser på trusselen frå Nord-Korea som den største utfordringa landet har framover.

Sør-Koreas nye president Park Geun-hye.

Park Geun-hye lovar ein ny æra på den koreanske halvøya.

Foto: POOL / Reuters

Samstundes gjer 60-åringen det klart at ho er klar for ein dialog basert på tillit med nabolandet i nord.

Lee Myung-bak

Lee Myung-bak har vore president i Sør-Korea dei siste fem åra.

Foto: YONHAP / Reuters

– Den nordkoreanske utskytinga av ein langdistanserakett nyleg viser kor alvorleg situasjonen. Men eg lovar å skape ein ny æra på den koreanske halvøya, basert på diplomatisk tillit, sa ho blant anna i den første talen sin etter at valsigeren var eit faktum.

Dårleg forhold til Nord-Korea

Forholdet mellom dei to koreanske statane har vore dårleg under den noverande presidenten, Lee Myung-bak. Han har blant anna stilt krav til Nord-Korea om å avslutte landet sitt atomprogram før det vart snakk om økonomisk og humanitær hjelp frå sør til nord.

Park Geun-hye har under valkampen sagt at det kan bli aktuelt å starte opp igjen hjelpesendingane til Nord-Korea, samstundes som ho ynskjer ei opprusting av det sørkoreanske forsvaret.

Nord-Korea har enno ikkje kome med ein offisiell reaksjon på det sørkoreanske presidentvalet, men har tidlegare kalla partiet hennar, Saenuri, ein gjeng med tullingar.

LES OGSÅ: Valdagsmåling: Park Geun-hye blir ny president i Sør-Korea

LES OGSÅ: Verdenssamfunnet presser på straff av Nord-Korea

Første kvinnelege president

Park Geun-hye posing saman med faren Park Chung-hee.

Park Geun-hye (t.v.) fotografert saman med faren Park Chung-hee då han var president.

Foto: HANDOUT / Reuters

Det offisielle nordkoreanske nyheitsbyrået KCNA skulda nyleg partiet, under leiing av avtroppande president Lee Myung-bak, for å ha auka spenninga på den koreanske halvøya.

– Alle fakta tyder på at Saenuri-partiet er ein gjeng svikarar som tyr til alle former for djevelskap for å halde seg ved makta, heiter det i ein artikkel frå nyheitsbyrået.

Park Geun-hye, dottera til den tidlegare militærdiktatoren Park Chung-hee, blir den første kvinnelege presidenten i Sør-Korea.

LES OGSÅ: Kinas lillebror leker med farlige våpen

LES OGSÅ: Fordømmes for oppskyting av nord-koreansk rakett

Høg valdeltaking

Det var eit oppmøte på 75,8 prosent i presidentvalet tysdag, og dette er langt høgare enn ved tidlegare presidentval. Park fekk 51,6 prosent av røystene, medan utfordraren, den liberale Moon, fekk 48 prosent.

Moon Jae-in er venstresida sin kandidat ved presidentvalet i Sør-Korea.

Moon Jae-in tapte presidentvalet i Sør-Korea onsdag.

Foto: KIM HONG-JI / Reuters

Medan ein ventar på ein reaksjon frå Nord-Koreas nye sterke mann, Kim Jong-un, så er dei store industriselskapa i Sør-Korea, som går under namnet chaebol, letta etter at Park vann valet.

Dei største chaebol-selskapa, blant andre Samsung og Huynday, slepp no å tenkje på at det kan kome ein ny eigarskapspolitikk, slik den tapande presidentkandidaten hadde foreslått.

– Rettferdig fordeling

Park har likevel sagt at ho ynskjer ei meir rettferdig fordeling av rikdomen i landet, men kjem ikkje til å innføre nye skattar for store selskap eller gjere andre ting som kan oppfattast som eit angrep på rettane til chaebol-selskapa.

– Ho har ingen planar om å endre strukturen til chaebol-selskapa og deira økonomiske makt, seier Kim Sang-jo, økonomiekspert frå Hansung-universitetet, til nyheitsbyrået Reuters.

SISTE NYTT

Siste nytt