NRK Meny
Normal

Tysk utanriksminister med sterk kritikk av NATO

Utanriksminister Frank-Walter Steinmeier i NATO-landet Tyskland kritiserer forsvarsalliansen for det han meiner er sabelrasling og krigshissing overfor Russland.

Frank-Walter Steinmeier.

Tysklands utanriksminister Frank-Walter Steinmeier kjem med sterk kritikk av NATOs politikk overfor Russland.

Foto: JOHN MACDOUGALL / Afp

Det var i eit intervju med den tyske avisa Bild i dag at Steinmeier, som høyrer til i Det sosialdemokratiske partiet (SPD), kjem med den uvanleg sterke kritikken av den europeiske forsvarsalliansen.

Dette skjer få dagar etter avslutninga av den store NATO-øvinga i Polen, der 31.000 soldatar deltok. Også norske og tyske soldatar deltok i øvinga. Det er også planlagt fleire store øvingar i land som tidlegare var allierte med de tidlegare Sovjetunionen.

Fryktar Russland

Samstundes har Nato avgjort å plassere ut bataljonar med rundt 1000 soldatar i Polen, Latvia, Estland og Litauen på permanent basis. Desse landa fryktar Russland, særleg etter den russiske anneksjonen av Krim-halvøya frå Ukraina i 2014

NATOS generalsekretær Jens Stoltenberg.

Jens Stoltenberg seier at NATOs styrkeoppbygging er eit svar på russisk ekspansjon.

Foto: YVES HERMAN / Reuters

– Dei som trur at vi styrkar tryggleiken med symbolske paradar av stridsvogner langs grensene i aust, tek feil, sa Steinmeier i intervjuet. Han la til at det vi treng no er vilje til dialog og samarbeid med Russland.

NRK har i ettermiddag prøvd å få ein kommentar frå NATOs generalsekretær Jens Stoltenberg, men har fått til svar at han ikkje har høve til å kommentere utspelet frå Steinmeier.

Han sa i eit intervju med tyske Bild sist torsdag at Russland prøver å skaffe seg ei interesse-sone gjennom militære midlar.

– Nato vurderer opprustning nær Russlands grense

Nato vil ha slutt på menneskesmuglingen

– Konstruktiv dialog

– Vi ser ei massiv militarisering langs grensene til Nato, i Arktis, i Baltikum, frå Svartehavet til Middelhavet, sa han blant anna til avisa.

Stoltenberg seier samstundes at Nato ikkje ynskjer ein konfrontasjon med Russland, men vil ha ein konstruktiv dialog. Han gjer det likevel klart at forsvarsalliansen vil forsvare alle dei 28 medlemslanda mot alle truslar.

Russland har vore sterkt kritisk til at Nato vart utvida med fleire tidlegare Sovjet-statar og land som var allierte med Sovjet. Landet har varsla at dei som svar på troppeoppbygginga til Nato vil plassere ut tre nye divisjonar i det sørvestlege Russland.

Møter Russland for første gang på to år

– Ei røyst av fornuft

Alexej Pusjkov, leiar for utanrikskomiteen i det russiske parlamentet, Statsdumaen, hyllar utspelet til Steinmeier og seier at det er ei «røyst av fornuft» midt i det han kallar eit antirussisk hysteri som er skapt av Nato og generalsekretær Jens Stoltenberg.

– Steinmeier kritiserte Stoltenbergs kurs for å skremme Russland. Det finst fornuftige stemmer bak teppet av truslar og hysteri, skriv Pusjkov på Twitter.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt