Hopp til innhold

- Nærmare 12 000 er omkomne

Dei offisielle tala på døde stig etter jordskjelvet som ramma Kina igår. Tusenvis ligg framleis gravlagd under samanraste bygningar.

Ei kvinne forsøker å koma seg ut av ruinane etter jordskjelvet i Kina
Foto: STRINGER SHANGHAI / REUTERS

Til no er det registrert 11.921 omkomne, informerar Wang Zhenyao frå departementet for sivile saker.

4.800 gravlagd i ruinane

Tirsdag blei det òg kjent at minst 2.000 personar har omkomme i byen Mianzhu, som ligg 35 kilometer frå skjelvsenteret. 4.800 personar ligg framleis gravlagde i ruinane, og omlag 10.000 er skadd, ifølgje statlege medier.

Talet på omkomne er venta å stiga ytterlegare.

37 turistar omkom

37 turistar ombord i ein buss mista også livet då bussen dei sat i blei teken av eit jordskred. Turistane var på veg til Sichuan-provinsen då jordskjelvet ramma området, melder det offisielle nyheitsbyåret Xinhua.

Det er ikkje kome nærmare meldingar om kven turistane var. Omlag 2000 turistar skal opphalda seg i jordskjelvområdet.

15 britiske turistar skal opphalda seg i katastrofeområdet i Wenchuan fylke, men den britiske ambassaden i Beijing hadde tysdag ingen informasjon om skjebna til turistane.

SISTE NYTT

Siste nytt