Hopp til innhold

- Mubarak gav ikkje skyte-ordre

Ein høgtståande tidlegare politisjef sa i retten i Cairo i dag at tidlegare president Hosni Mubarak ikkje gav ordre om at politiet skulle skyte mot demonstrantar.

Det var kraftig uro utanfor rettslokalet i Cairo i dag.

Det var kraftige samanstøytar mellom politi og demonstrantar utanfor rettslokalet i Cairo i dag.

Foto: AMR ABDALLAH DALSH / Reuters

- Dei hadde ordre om å bruke tåregass, men ikkje automatvåpen og andre skarpe våpen, sa general Hussein Mohamed Mursi i rettssalen i dag, ifølgje CNN .

Også støttespelarar til Hosni Mubarak demonstrerte.

Også støttespelarane til Hosni Mubarak demonstrerte utanfor rettslokalet.

Foto: Dimitri Messinis / Ap

Han var ein av fleire høgtståande politileiarar som skulle vitne i retten i dag, men rettsforhandlingane vart avbrotne gong på gong. Det blir no pause i rettsforhandlingane til onsdag.

Bråk i og utanfor rettslokalet

Årsaka var usemje mellom Mubarak sine advokatar og advokatane til familiane til offera etter samanstøytane i Cairo.

Det var ei spent stemning i Cairo i dag . Også utanfor rettslokalet var det samanstøytar mellom politiet og familiemedlemer til dei som miste livet under den egyptiske revolusjonen tidlegare i år.

Rettssaka mot Mubarak starta opp igjen i dag etter ein pase på tre veker. Den tidlegare presidenten vart trilla inn i rettssalen i rullestol, med ein sjukepleiar på kvar side av seg.

Risikerer dødsstraff

Ein Mubarak-motstandar står opp mot politiet.

Ein Mubarak-motstandar ropar slagord mot politiet utanfor rettslokalet i Cairo.

Foto: KHALED DESOUKI / Afp

Rundet 840 menneske vart drepne og over 6000 skadde i løpet av dei 18 dagane oppstanden mot regimet til Hosni Mubarak heldt på. Mubarak er tiltalt for å ha gitt ordre om drap på demonstrantar for å stanse det gryande opprøret. Han risikrerer dødsstraff om han blir funnen skuldig.

Mubarak har avvist alle skuldingane om at han har gitt ordre om å skyte på demonstrantar.

Det var også venta at dei to sønene til Hosni Mubarak, Alaa og Gamal, skulle møte i retten i dag. Dei er tiltalte for korrupsjon, men begge nektar straffskuld.