Hopp til innhold

- Mubarak er frisk nok til fengsel

Påtalemakta i Egypt har gjeve ordre om å flytta den drapsdømde eks-presidenten Hosni Mubarak tilbake til fengselet etter eit opphald på sjukehus.

Hosni Mubarak

Den tidlegare egyptiske presidenten Hosni Mubarak blei dømd til livstid i fengsel den 2.juni i år. To og ei halv veke seinare blei 84-åringen erklært klinisk død.

Foto: REUTERS TV / Reuters

Den 19.juni melde den statlege egyptiske fjernsynskanalen MENA at Hosni Mubarak var klinisk død etter eit hjerneslag.

Ifølgje forsvararen var Mubarak framleis i livet, men tilstanden hans var kritisk. Helsa til 84-åringen skal ha vore så dårleg at han blei flytta frå Torah fengselet til militær­sjukehuset Maadi for behandling og overvaking.

Knapt ein månad seinare meiner påtalemakta i landet at Mubarak har vorte frisk nok til å bli øverførd til fengselet att.

Mubarak er dømd til livstid i fengsel for drap på demonstrantar under revolusjonen i Egypt vinteren 2011. Demonstrasjonane mot regimet enda med at Hosni Mubarak omsider gjekk av som president.

Mubarak trekte seg frå presidentvervet etter fleire veker med massive, valdelege protestar i gatene i fleire store byar, som Kairo og Alexandria. 84-åringen hadde då sete 30 år ved makta.

SISTE NYTT

Siste nytt