NRK Meny
Normal

- Moland og French til Kinshasa

Joshua French og Tjostolv Moland har fått beskjed om at dei skal flyttast frå Kisangani til den kongolesiske hovudstaden Kinshasa i morgon.

Moland French

Tjostolv Moland og Joshua French skal flyttast til Kinshasa.

Foto: STRINGER / Afp

Advokaten til dei to nordmennene, Morten Furuholmen, stadfestar overfor NRK at han har fått beskjed om flyttinga, men at han er spent på om overføringa vil skje torsdag føremiddag som varsla. Han har snakka med klientane sine i ettermiddag, og dei er optimistiske, seier han.

Morten Furuholmen

Advokat Morten Furuholmen stadfestar at Joshua French og Tjostolv Moland har fått beskjed om at dei skal flyttast torsdag.

Foto: Roald, Berit / Scanpix

– Det er truleg den siste prekære utviklinga i fengselet i Kisangani som har fått kongolesiske styresmakter til å handle, seier han. Furuholmen seier at Moland og French i dag fekk beskjed om å pakke sakene sine og gjere seg klare til flytting i morgon.

Han seier at dei to også tidlegare har fått beskjed om å pakke og gjere seg klare til flytting, men at opplysningane denne gongen er meir konkrete enn tidlegare.

– Positiv utvikling

Joshua French seier på telefonen til dagbladet.no at om dette stemmer, så er det ei veldig positiv utvikling i saka, eit steg nærmare å kome heim.

French seier til avisa at han og kameraten Tjostolv Moland er spesielt takksame overfor britiske diplomatar, som han seier har lagt eit betydeleg press på kongolesiske styresmakter for å få til ei flytting.

Dei to nordmennene er dømde for å ha drepe sjåføren sin i Kongo våren 2009. Dei har heile tida nekta for å ha gjort det. Dei siste dagane har det gått føre seg eit fangeopprør i sentralfengselet i Kisangani, der dei to nordmennene sit. Situasjonen har no roa seg .

UD vil ikkje stadfeste

Kommunikasjonsrådgiver i UD, Hilde Steinfeld

Kommunikasjonsrådgjevar i UD, Hilde Steinfeld, kan ikkje stadfeste at Moland og French skal flyttast torsdag.

Foto: UD Presse / UD

Pressevakt Hilde Steinfeld i Utanriksdepartementet seier til NRK.no at UD ikkje kan stadfeste at dei to no skal flyttast. Ho seier likevel at UD har lenge jobba opp mot kongolesiske styresmakter om å flytte dei to nordmennene til eit fengsel i hovudstaden, og at dei har fått lovnad om dette.

– Vi har dei siste dagane hatt kontakt med styresmaktene i Kongo, der vi spesielt har teke opp tryggingssituasjonen for dei to i fengselet i Kisangani, seier ho.

Ho seier at på grunn av den labile situasjonen i Kongo, vil ikkje UD utdjupe innhaldet i dei pågåande samtalane med kongolesiske styresmakter.

Kjelder NRK har vore i kontakt med seier at utanriksminister Jonas Gahr Støre personleg har vore aktiv i kontakten med styresmaktene i Kongo dei siste dagane, men Hilde Steinfeld kan ikkje stadfeste dette.

French og Moland til Kinshasa

VIDEO: - French og Moland til Kinshasa

Glad Mathilde Moland

Mathilde Moland, mor til Tjostolv Moland, er svært glad for meldinga om at sonen skal flyttast frå fengselet i Kisangani til hovudstaden Kinshasa. Ho trur no det kan bli lettare å få overført dei to dødsdømde til Noreg.

Ho fortel til NRK at ho fekk melding frå advokat Morten Furuholmen om den nye utviklinga i saka ved 12-tida i dag. Men ho torer ikkje sleppe jubelen heilt laus . Ho seier at kongolesarane har lurt dei så mange tidlegare, at ho må vite 100 prosent at dei er ute av fengselet.

Så vidt ho kjenner til er det roleg i fengselet i Kisangani no, men at det er takka vere Røde Kors. Ho fryktar likevel meir uro når resultatet frå presidentvalet sist måndag kjem 6. desember.

Mathilde Moland har tidlegare kravd at utanriksminister Jonas Gahr Støre personleg reiser til Kinshasa .

Mathilde Moland sammen med sin draptiltalte sønn Tjostolv i fengselsgården i

Mathilde Moland saman med sonen Tjostolv i fengselet i Kisangani tidlegare i år.

Foto: Troens Bevis / Scanpix

LES OGSÅ: «Totalt anarki» i fengselet - nye forsøk på å flytte Moland og French

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt