På spørsmål om han ville tenkje seg om ein gong til, svarte Abbas, eller Abu Masen som han også blir kalla, at hans avgang var endeleg, melder nyheitsbyrået Reuters.
Det er ikkje lenger noko hjarteleg forhold mellom Mahmoud Abbas (t.v.) og Yasir Arafat. (AP-foto)
Då journalistar spurde om han ville takke ja dersom han fekk tilbod om statsministerposten på nytt, svarte Abbas at det var altfor tidleg å snakke om det no. - Avgangen min er endeleg, avslutta han.
Fatah-møte
Yasir Arafat møtte i dag leiarane for Fatah, den viktigaste organisasjonen i PLO, for å diskutere situasjonen etter at Mahmoud Abbas trekte seg i går. Nyheitsbyrået AFP snakka med fleire av deltakarane etter møtet, og flere av dei sa at det var svært lite sannsynleg at Abbas ville kome tilbake som statsminister.
Den palestinske utanriksministeren Nabil Shaath sa at det ville bli vanskeleg for Abbas å kome tilbake. Han framheldt presidenten i nasjonalforsamlinga Ahmad Qorei, også kalla Abu Alaa, som den mest aktuelle kandidaten til å etterfølgje Abbas i statsministerstolen.
Om himmelen ramlar ned
Yasir Arafat møtte dei viktigaste leiarane i Fatah i Ramallah i dag. (Foto: Pedro Ugarte, AFP)
Telekommunikasjonsminister Azzam Ahmad, som blir rekna for å stå nær Arafat, sa at det ikkje er aktuelt med eit Abbas-comeback, sjølv ikkje om himmelen ramla ned på jorda, sa han til AFP sin reporter.
Dette står i skarp strid til det sjefsforhandlar Saeb Erakat sa til BBC i føremiddag. Han rekna det som mest sannsynleg at Abbas kom til å bli sitjande som statsminister. Også Erakat blir rekna for å vere nært knytt til Arafat.
Anstrengt
Det har lenge vore eit anstrengt forhold mellom Abbas og den palestinske presidenten Yasir Arafat. Arafat har framleis kommandoen over dei palestinske tryggingsstyrkane, og vil ikkje gi frå seg denne kommandoen.
Abbas har vore pressa av USA og Israel til å slå ned på dei ytterleggåande gruppene som Hamas og Islamsk heilag krig, men utan å ha kontroll over tryggingsstyrkane er det lite han kan gjere.
Arafat er på si side redd for at eit oppgjer med dei ytterleggåande gruppene kan føre til palestinsk borgarkrig, og vil ikkje gi Abbas fleire fullmakter.