Hopp til innhold

- Michael gledde seg til konsertane

- Eg snakka med Michael for 10 dagar sidan. Han gledde seg til konsertane i London i juli, seier Mark Lester, ein nær ven av Michael Jackson.

Video nsps_upload_2009_6_30_12_26_30_653.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Sjå intervjuet med Mark Lester.

Britiske Mark Lester har kjent Michael Jackson i 27 år. Lester er også tidlegare barnestjerne, og det var slik dei to kom i kontakt.

Mark Lester er spesielt kjend for å ha spelt hovudrolla i musikalfilmen "Oliver" som tiåring i 1968.

Mark Lester med bilete av Michael Jackson

Mark Lester var ein nær ven av Michael Jackson.

Foto: SIMON DAWSON / AP

I dag er han ikkje lenger i showbiz, men lever eit heller tilbaketrekt liv som osteopat i Cheltenham i det sørvestlege England.

Mark Lester fortel at han er gudfar til alle dei tre borna til Michael Jackson,og at Jackson er gudfar til hans born. Dei to familiane har vore mykje saman både i England og i USA.

Han er sjokkert over at Michael Jackson no er borte, og meiner dødsfallet må granskast skikkeleg. Han avviser heilt at "kongen av pop" skulle sjølv ha forårsaka dødsfallet.

- Han hadde altfor mykje å leve for. Han var oppglødd over konsertane i London i juli. Han ville vise borna sine kva han stod for som artist, og han ville at dei skulle oppleve fansen. Det er heilt umogleg at han skulle ha teke livet sitt, seier Mark Lester.

LES OGSÅ: Jackson-advokat bekrefter testamentet

LES OGSÅ: Vil refundere Jackson-billetter

LES OGSÅ: Laget video bare uker før han døde