Hopp til innhold

- Lockerbie-bombaren på veg heim

Abdelbaset Ali Mohmet al-Megrahi, mannen som er dømd for Lockerbie-bombinga i 1988, er sett fri, opplyser ein høgtståande libyisk tenestemann.

Abdel Basset al-Megrahi er sett fri frå fengsel.

Abdel Basset al-Megrahi er sett fri frå fengsel.

Foto: AP

- Han er fri og vil kome heim til Tripoli i løpet av nokre få timar, seier tenestemannen til nyheitsbyrået AFP.

Mannen er alvorleg sjuk og har truleg berre kort tid igjen å leve.

Al-Megrahi er den einaste som nokon gong vart dømd for sprenginga av eit passasjerfly frå Pan Am over den skotske byen Lockerbie i 2008.

Han har sona 11 år av livstidsstraffa han vart idømd for å ha delteke i angrepet mot Pan Am-flyet.

270 menneske vart drepne i terroraksjonen, 243 passasjerar, 16 som hadde arbeidet sitt i flyet og 11 innbyggjarar i Lockerbie.

Pan Am flyet som eksploderte over Lockerbie

Pan Am flyet som eksploderte over Lockerbie laget et gigantisk krater i den lille byen.

Foto: MARTIN CLEAVER / AP

SISTE NYTT

Siste nytt