- Dette kan bli ein katastrofe av ufattelege dimensjonar, seier UNCHR-sjef Antonio Guterres.
Foto: ALBERTO PIZZOLI / AfpKrisa rammar Somalia verst, men også Etiopia og Kenya har fått merke den langvarige tørken. Mange born døyr på veg til flyktningleirane som er etablerte i dei to nabolanda.
Verste på 60 år
UNHCR slår fast at tørken som no rammar området er den verste på 60 år. Situasjonen blir verre på grunn av borgarkrigen i Somalia, og hjelpeorganisasjonane har slått katastrofealarm.
Henriette Bjerke i
opplyser at store delar av Nord-Kenya og Somalia no er i kategorien «emergency», som er siste nivå før svoltkatastrofe. Ho fortel at to år på rad med ekstremt lite regn har ført til denne sitausjonen.Det kjem 30.000 somaliarar til Kenya eller Etiopia kvar dag. Denne unge mora har kryssa grensa til Kenya.
Foto: ROBERTO SCHMIDT / AfpBjerke fortel at opptil 30 prosent av borna i dette området er underernærte, og at 30.000 somaliarar flyktar over grensene til Etiopia og Kenya kvar einaste dag. FN har bede om rundt 30 milliardar kroner til både Kenya og Somalia i rein naudhjelp.
Generalsekretær Atle Sommerfeldt i Kirkens Nødhjelp oppheld seg no i det kriseramma området for å få eit overblikk over situasjonen. Han reknar med å vere framme i det verst ramma området i Gedo-provinsen i Somalia i løpet av torsdag.
Han seier at
heilt.10 millionar ramma
Som følgje av tørken er matvareprisane i området ekstremt høge, og der det er mat å få er han for dyr for dei fleste
Denne mora og det undernærte barnet hennar har kome seg til ein FN-leir i Somalias hovudstad Mogadishu.
Foto: Mohamed Sheikh Nor / Ap10 millionar menneske er ramma, og halvparten av dei er born, opplyser Redd Barna. Matmangelen gjer at dei som overlever, risikerer å bli skadde for livet.
- Det er så ekstremt. Medarbeidararne våre i området seier dei aldri har sett noko så ille, seier UNHCR-talskvinne Melissa Fleming.
Organisasjonen reknar med at så mange som ein firedel av dei 7,5 millionar innbyggjarane i Somalia no er på flukt, anten i eige land eller i utlandet.
Behovet for mat, telt, sjukehustenester og naudhjelp er massiv og akutt.
I flyktningleiren Dadaab i Kenya nærmar det seg 200.000 born, og talet er aukande. Det kjem rundt 1400 menneske til leiren kvar einaste dag. Dette er frå før den største flyktningleiren i verda, og no må han stadig utvidast for å ta mot nye flyktningar.
- Døyr i løpet av 24 timar
Fottrykka frå ventande born utanfor Dadaab-leiren i Kenya.
Foto: ROBERTO SCHMIDT / Afp- Det er tragisk å sjå at halvparten av borna som kjem til leirane i Etiopia, er så svake på grunn av matmangel at dei døyr i løpet av 24 timar. I leirane i Kenya døyr mellom 30 og 40 prosent av borna, seier Melissa Fleming UNCHR.
Badu Katelo er flyktningkommissær i Kenya, seier at tilstanden i Somalia blir verre dag for dag. Det er eit enormt behov for mat og reint vatn.
- No er tida komen for ein gigantisk og forpliktande intervensjon frå det internasjonale samfunnet, seier han til
.BBCs reporter Ben Brown er i Dadaab-leiren i Kenya. Han seier at talet på døde born har tedobla seg den siste tida, og at det er mange born under fem born som døyr etter nokre få dagar i leiren.
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
Ran og valdtekt
Ei somalisk kvinne på flukt med barnet sitt.
Foto: Farah Abdi Warsameh / ApHan fortel om familiar som har vandra fleire dagar til fots nesten heilt utan mat og vatn. Det skjer tragediar heile tida, mange av flyktningane blir rana, til og med valdtekne, på vegen til flyktningleiren.
Den norske regjeringa har auka støtten til offera for tørkekatastrofen på Afrikas Horn med 33 millionar kroner, til totalt 233 millionar kroner.
Den norske støtta går gjennom FN,
og dei norske organisasjonane som arbeider i området, som og .LES OGSÅ:
Det brune feltet på kartet er området som er ramma av tørke.
Foto: NASA