Hopp til innhold

- Krigen i Libya prega av hastverk

USA og NATO kranglar om kven som skal ha kommandoen over operasjonen i Libya. Krigen er prega av hastverk og improvisasjon, meiner NATO-ekspert Svein Melby.

Libya

Edle motiv har drukna i usemje om mål og midlar, seier NATO-ekspert om dei internasjonale styrkane sin militæroperasjon i Libya.

Foto: RAPHAEL MARTINEZ / Ap

Svein Melby

- Det ser ut til å vera full usemje om heilt grunnleggjande ting, og det er absolutt ikkje etter boka, seier Svein Melby ved Institutt for Forsvarsstudier (IFS). Han er skeptisk til USA og NATO si handtering av krigen i Libya.

Foto: IFS

USA vil lempa kommandoen for Libya-operasjonen over på NATO, men eit samla NATO vil berre delvis ta på seg ansvaret. Samstundes er fleire NATO-land sterkt negative til heile engasjementet.

Svein Melby ved Institutt for forsvarsstudier (IFS) meiner virrvarret som har oppstått er kritikkverdig.

– Eg er forundra over at USA og NATO startar ein krig utan at målsetjing og strategi er klarert på førehand. Det er Ikkje gode føresetnader for å få brukt militærmakt på ein effektiv og rasjonell måte, seier Melby.

– Berre flyforbodssona

Dei internasjonale styrkane sin militæroffensiv i Libya er delt i tre: flyforbodssone, våpenforbod og eventuelle væpna åtak mot Muammar Gaddafi sine bakkestyrkar. Fram til no er det USA som har styrt alle delar av operasjonen.

I går stadfesta NATO at dei vil ta over ansvaret for den eine delen av oppdraget - å handheva flyforbodssona over Libya.

Under pressekonferansen i går avviste generalsekretær Anders Fogh Rasmussen tidlegare rykter om at NATO tek over kommandoen på alle tre områda. Rasmussen understreka likevel at det kan bli aktuelt å utvida NATO si rolle i den FN-støtta militæroperasjonen.

Ifølgje den britiske avisa The Guardian, er det no semje i forsvarsalliansen om å ta over styringa av heile operasjonen frå USA – inkludert den kontroversielle delen som dreier seg om flyåtak.

Også politiske kjelder i Washington seier til AFP at ei kommandooverføring er i ferd med å ta form.

F-16 på vei mot Libya

Norsk F-16-fly på veg til Libya. Det er uvisst kva slags konsekvensar det vil få for dei norske styrkane dersom NATO tek over kommandoen frå USA.

Foto: Lars Magne Hovtun / Forsvaret

Noreg framleis under USA

Dei norske jagarflya har sidan måndag vore stasjonerte på Souda-basen på den greske øya Kreta. Sidan i går har to av F-16-flya vore på fleire tokt over libysk luftrom, men dei har førebels ikkje brukt våpen, ifølgje forsvaret.

For å verna om dei involverte, held forsvarsleiinga i Noreg korta tett til brystet når det gjeld rolla og oppgåvene til dei norske styrkane som er med på operasjonen.

Politisk pressevakt i Forsvaret, Birgitte Frisch, seier dei varsla endringane i kommandostrukturen førebels ikkje har medført endringar for dei norske styrkane som deltek i Libya-oppdraget.

– Dei seks norske F-16-flya er framleis underlagt USA sin nord-afrika kommando, understreker Frisch.

Kan få konsekvensar

Melby, som er leiar for senter for transatlantiske studier ved IFS, har god gjennskap til forholdet mellom NATO og USA, og til amerikansk utanriks- og tryggingspoltikk.

Han seier det framleis er heilt i det blå kva konsekvensar det vil få, både for militæroperasjonen generelt og for Noreg spesielt, dersom ansvaret vert overført frå USA til NATO.

– Det er ikkje godt å seia om ei slik overføring vil føra til eit skarpare eller meir defensivt oppdrag, meiner Melby.

Han påpeiker likevel at det mest naturlege vil vera at den amerikanske kommandoen blir underlagt NATO.

Om spriket er stort mellom dei strategiane som USA har vald hittil og dei retningslinjene som NATO ønskjer, vil ei kommandooverføring dermed bety nye instruksar til dei involverte styrkane.

Vaklande grunn

Men det faktum at strategiane sprikar, tyder på at heile operasjonen står på vaklande grunn, meiner Melby i IFS.

– Krig er eit instrument som ein skal ha ytst forsiktig omgang med. Aktørane burde ha teke ein skikkkeleg runde på korleis dei skal fortolke FN-resolusjonen før dei starta krigen.

– No vil den vidare utviklinga i Libya avgjera kor mykje skade NATO og den amerikanske presidenten har teke som følgje av denne kritikkverdige usemja, legg Melby til.