NRK Meny
Normal

- Krava til Hellas ikkje verre enn til andre

– Krava frå kreditorane til Hellas er godt i tråd med det vi er vane til frå andre land, men vi må sjå det i lys av dei kraftige innstrammingane landet alt har vore gjennom, seier seniorøkonom Knut Magnussen i DnB Markets.

Lesing av aviser i sentrum av Aten.

Spente atenarar les siste nytt om den økonomiske krisa på aviser i sentrum av den greske hovudstaden i dag.

Foto: ARIS MESSINIS / Afp

I dag gjekk fristen ut for Hellas til å betale gjelda til Det internasjonale pengefondet (IMF). Det er klart at dei ikkje har tenkt å betale i dag, og ifølgje Magnussen er det svært uvanleg at statar ikkje betalar tilbake gjelda si til IMF.

Sist det skjedde, seier han, var Zimbabwe i 2001, elles har IMF alltid fått tilbake pengar dei har lånt ut. Magnussen trur at om grekarane seier til nei til forslaget til avtale førstkomande søndag, så vil det bety eit farvel til euroen

– Misleghald av gjeld

Seniorøkonom Knut Magnussen i DnB.

Seniorøkonom i DnB, Knut Magnussen, fryktar at eit nei i folkerøystinga søndag, vil føre Hellas ut av eurosamarbeidet.

Foto: NRK

– Dette er misleghald av gjeld. Det kan betyr at Hellas kan få problem med å betale andre kreditorar seinare i sommar, som Den europeiske sentralbanken (ECB). Det kan igjen føre til at ECB nektar å gi naudlån til dei greske bankane, som i sin tur kan tvinge Hellas ut av eurosona, seier han til NRK.

Dette vil ramme først og fremst bankane, og får dei ikkje fleire naudlån, så er det ingen annan utveg for Hellas å innføre ein ny valuta, legg han til.

Kreditorane krev først og fremst dette : Statsbudsjettet skal gå med overskot alt i år, etter fleire år med underskot. Dei krev også at pensjonsalderen skal hevast til 67 år, og det er krav om at landet aukar momsen og skattane.

Kutt i pensjonar

– Ein del av krava EU-landa har sett fram er godt i tråd med det som er vanleg i andre europeiske land, men ein må sjå i det i lys av dei kraftige innstrammingane Hellas alt har vore gjennom. Det er særleg dei store kutta i pensjonane den greske regjeringa vil ha vanskeleg for å godta, seier Holm.

Eit stridstema har vore kor raskt pensjonsalderen i offentleg sektor skal hevast til 67 år. Kreditorane vil at dette skal skje raskt, medan den greske regjeringa vil at det skal ta lenger tid.

– Hellas har hatt låg pensjonsalder i offentleg sektor, han har vore godt nede på 50-talet, men har vorte heva etter kvart. Eg trur landet framleis kan halde seg inne i eurosona, og det baserer eg på at grekarane sjølve ynskjer det, og at det ville vere eit nederlag for Europa om dei skulle gå ut, seier han.

Marios (18) vrakar Hellas for Noreg

Eurosonens finansministre hasteinnkalles

– Mindre enn ti prosent

Den britiske avisa The Guardian skriv i dag at mindre enn ti prosent av kriselåna til Hellas er brukte til å sikre økonomiske reformer og velferda til innbyggjarane. Det meste av pengane har gått til bankane som lånte hellas pengar før finanskrisa i 2008, skriv avisa.

Sidan 2010 har Hellas fått 240 milliardar euro i kriselån frå Den europeiske sentralbanken, EU-kommisjonen og Det internasjonale pengefondet. Kriselånet vart gitt då det vart klart at Hellas ikkje var i stand til å betale tilbake gjelda på om lag 310 milliardar til europeiske bankar.

I 2012 fekk landet ein ny krisepakke, samstundes som at 100 milliardar av gjelda til private låntakarar vart sletta. Hellas måtte likevel betale rundt 34 milliardar euro for å sukre avtalen, ein sum som er lagt til gjelda, som i dag er på 320 milliardar euro, melder NTB.

I tillegg har 48,2 milliardar euro går til å dekkje opp tap i greske bankar, medan 140 milliardar er brukte til å betale renter og avdrag på dei opphavlege låna.

Hellas må stemme for EU-hjelp

Grekerne vurderer nytt EU-utkast. Ukjent for Merkel

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt