Hopp til innhold

- Kraftig svekking av Golfstraumen

Ein ny forskingsrapport viser at Golfstraumen, som sikrar tilførsel av varme til våre breiddegrader, har svekt seg med 15–20 prosent sidan 1975. Det kan gi kaldare og villare klima her i nord, samstundes som resten av verda blir stadig varmare.

Golfstrømmen

Svekking av Golfstraumen kan gi kaldare temperaturar og meir ekstremvêr, meiner forskarar.

Foto: NRK

Den tyske klimaforskaren og medlem av FNs klimapanel, Stefan Rahmstorf, seier at nye data stadfestar noko som lenge har vore frykta, nemleg at ei svekking av sirkulasjonsstraumane i Atlanterhavet har starta for alvor.

Rahmstorf sa dette i eit videointervju i samband med offentleggjering av dei nye funna i rapporten, ifølgje den danske avisa Information .

Les heile rapporten her

– Golfstraumen i fare

Medan temperaturen har gått opp både på land og sjø dei siste åra, så er det ein stad ute i Atlanterhavet, eit område sør for Grønland, mellom Irland og Newfoundland, der temperaturen har falle markant.

Dette kan vere eit teikn på at Golfstraumen, som fører varmt vatn frå Ekvator mot nord, ikkje er så kraftig som tidlegare. Det varme vatnet Golfstraumen fører med seg gjer at klimaet i vår del av verda er så pass mildt som det er.

Golfstraumen er ein del av eit større sirkulasjonssystem av havstraumar, kalla Termohalin sirkulasjon, som svært enkelt sagt fører varmt vatn frå Ekvator mot nord og kaldt vatn frå Arktis mot sør. Dette hindrar at det blir altfor kaldt hos oss og altfor varmt rundt Ekvator.

Forskarane har rekonstruert denne sirkulasjonen 1100 år tilbake i tid ved hjelp av avanserte modellar. Sidan 1975 er styrken i denne straumen svekt mellom 15 og 20 prosent, og det er meir enn nokon gong tidlegare dei siste 1100 åra.

– Klimaendringene i Arktis er en alvorlig påminnelse

Fordamping

I farvatnet mellom Noreg og Grønland møter Golfstraumen det kalde vatnet frå Arktis og blir avkjølt.

Kaldt og salt vatn er tyngre enn varmare vatn med mindre salt, og dette vatnet hamnar nærare botnen. Her nede fører havstraumane dette vatnet sørover mot Ekvator. Dette systemet fører altså til varmare vatn og klima her i nord, medan det kalde vatnet frå Arktis fører til ei viss nedkjøling nedover mot Ekvator.

Ei viktig årsak til denne svekkinga sirkulasjonen er smeltinga av innlandsisen på Grønland. Frå 1970 til 2000 var det snakk om 13.000 kubikkilometer smeltevatn frå Grønland.

Problemet er at ferskvatnet frå den grønlandske innlandsisen er lettare enn saltvatn. Ferskvatn sekk ikkje så fort mot botnen, men legg seg som eit lokk over havstraumane frå sør. Det hemmar den naturlege sirkulasjonen.

Gigantmyr ødelegges av klimaendringene

Kan bryte saman

Forskarane fryktar at sirkulasjonen blir så kraftig svekt at han bryt fullstendig saman. Dei reknar med at svekkinga av havsirkulasjonen vil halde fram i resten av dette hundreåret, i takt med stigande temperaturar globalt og vidare smelting av innlandsisen på Grønland.

Forskaren Jason Box, som er medforfattar av studien, seier at det ikkje er snakk om ei ny istid, men at utviklinga likevel kan få svært negative konsekvensar.

Det kan bli meir ekstremvêr med blant anna fleire kraftige stormar i Europa og USA, auke i havnivået langs austkysten av USA og endring i økosystema i havet, som igjen får konsekvensar for fisket.

Mobilisering for klima i Lima

– Plantene blir stresset av klimaendringene

Kunne vært 30 grader kaldere

Venstre om Fremskrittspartiets miljøtalsmann: – Alltid noen som tror jorda er flat

SISTE NYTT

Siste nytt