- Koreansk rakettoppskyting laurdag

Nord-Korea har fylt drivstoff på raketten som er klar for utskyting, og USA ventar at det skjer alt laurdag.

Biletet viser anlegget der Nord-Korea skal prøveskyte ein rakett.

Den omstridde raketten står klar i utskytingsrampen på Masudan-ri-anlegget i Nord-Korea.

Foto: HO / AFP

Kilde: NRK-Reuters

Ein tenestemann i det amerikanske forsvaret seier til nyheitsbyrået Reuters at førebuingane som blir gjorde på anlegget der utskytinga skal skje, Masudan-ri, tyder på oppskyting alt laurdag 4. april.

Japan gjorde det i dag klart at dei vil krevje eit ekstraordinært møte i Tryggingsrådet i FN med det same utskytinga har skjedd.

Truar med nedskyting

Japan har også trua med nedskyting om raketten skulle kome inn i japansk luftrom, eller på nokon måte truar landet.

Japan har køyrt fram utstyr som kan skyte ned den nordkoreanske raketten.

Japan har køyrt fram utstyr som kan skyte ned den nordkoreanske raketten.

Foto: Katsumi Kasahara / AP

Nord-Korea har svart med at dei vil gå til militære tiltak mot Japan om det skulle skje.

USA har sendt to marinefarty som har utstyr til å skyte ned langdistanserakettar til Gulehavet utanfor Nord-Korea, men har sagt at det ikkje er aktuelt å skyte raketten ned.

Styresmaktene i Nord-Korea har varsla at dei vil skyte opp ein kommunikasjonssatellitt ein gong mellom 4. og 8. april.

Skalkeskjul

USA, Sør-Korea og Japan seier at dette berre er eit skalkeskjul for å teste ein langdistanserakett, Taepodong 2. Denne raketten skal kunne nå mål så langt unna som Hawaii og Alaska i USA, og prøveoppskytinga har vekt sterk uro i landet.

Taepong 2 har truleg kapasitet til å frakte atomstridshovud, og makthavarane i Pyonyang har tidlegare sagt at landet er ei atommakt.

Fleire land, blant anna Russland, har bede Nord-Korea om å droppe rakettoppskytinga, men dette har blitt kontant avvist av Pyongyang.

Den amerikanske destroyeren USS "John McCain" er sendt til Gulehavet.

USS 'John McCain' er eitt av to amerikanske marinefarty som er sende til Gulehavet.

Foto: Jo Jung-ho / AP

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt