Røde Kors-koordinator Peter Trabula brukte sterke ord etter at han vitja Al Kindi-sjukehuset, eitt av dei største i Bagdad, tidlegare i dag. - Situasjonen er kaotisk og katastrofal, sa han.
I går vart sjukehuset ribba for teknisknog medisinsk utstyr av væpna gjengar.
Inspeksjonen i dag er den første Røde Kors gjennomfører etter at Saddam Hussein sitt regime har brote saman. Det er lovlause tilstandar i byen, og dei amerikanske styrkane har ikkje kapasitet til å sikre ro og orden.