- Kan eg skyte inntrengjaren?

18 år gamle Sarah McKinley ringde politiet og spurde om ho kunne skyte mannen som braut seg inn i husvogna hennar. – Gjer det du må, var svaret ho fekk.

Sarah McKinley saman med den tre månader gamle sonen sin.

Sarah McKinley saman med den tre månader gamle sonen sin.

Foto: STEVE SISNEY / Ap
Bent Tanstad
Journalist
Sarah McKinley og sonen fotografert inne i campingvogna.

Sarah McKinley seier ho ikkje hadde noko anna val enn å skyte inntrengjaren.

Foto: STEVE SISNEY / Ap

Det var nyttårsaftan at 18-åringen, som bur i husvogna i byen Blanchard i Oklahoma i USA saman med den tre månader gamle sonen sin, oppdaga at ein mann prøvde å trengje seg inn. Ho ringde til politiet og spurde om ho kunne skyte inntrengjaren.

– Er det OK å skyte?

– Eg har to våpen. Er det OK å skyte han om han kjem inn døra?, spurde ho ein kvinneleg tilsett ved Sheriff-kontoret i Grady County i Oklahoma i USA.

– Du må gjere det du må for å verne deg. Eg kan ikkje seie at du kan skyte, men du må gjere det du må for å verne barnet ditt, sa kvinna på Sheriff-kontoret. Deretter høyrde ho eit skot.

Då politiet rykte ut fann dei inntrengjaren død like ved sofaen i campingvogna. Han hadde ein kniv i handa, og politiet konkluderte med at Sarah McKinley hadde handla i sjølvforsvar.

18-åringen har vore åleine i campingvogna saman med barnet sidan ektemannen døydde av kreft første juledag.

– Han burde ha tenkt seg om

Assisterande statsadvokat James Walters seier til avisa The Oklahoman at det ikkje er noko som tyder på at den unge mora har brote lova på nokon måte.

– Inntrengjaren burde tenkt seg om før han braut seg inn i ein annan person sin heim, seier han.

Det blir ikkje reist sak mot Sarah McKinley.

Statistikken frå det føderale amerikanske politiet FBI frå 2009 viser at det då var 215 tilfelle der våpen vart bruk i sjølvforsvar med dødeleg utgang.

Kvart år skjer det rundt 30.000 dødsfall i USA som skuldast bruk av skytevåpen, og det er alt frå drap til sjølvmord og reine ulukker.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt