Gruppa, som kallar seg "Småbornas hevn" sa i ei fråsegn til radiostasjonen til den israelske hæren at dei gjorde dette for å hemne alle dei jødiske småborna som er drepne av palestinarar.
Eksplosjonen skjedde i landsbyen Al-Jarba 10 kilometer sør for Jenin. Palestinsk politi snakkar no med dei skadde for å få vite korleis det skjedde. Tidlegare i dag sa ein palestinsk polititalsmann at det truleg var ein elev som hadde funne ein handgranat, og leika med han inne i klasserommet.
Det skal vere snakk om ein israelsk granat, opplyser palestinsk politi.
Israelske tryggingskjelder uttrykkjer overfor nyheitsbyrået AFP at dei tvilar på at ei jødisk ekstremistgruppe kan stå bak denne eksplosjonen. - Det ville ikkje vere første gongen ei gruppe tok på seg skulda for noko andre har stått bak, blir det sagt.
Jødiske busetjarar i nærleiken av Al-Jarba seier til AFP at sonen til ein militant palestinar hadde teke med seg eit eksplosiv på skulen, og at eksplosjonen kom medan han leikar med gjenstanden.