NRK Meny
Normal

Opposisjonsleiaren Klitsjko rasar mot russisk-ukrainsk avtale

Russland har kutta prisen på gass til Ukraina, og samstundes investerer Russland i ukrainske obligasjonar for 90 milliardar kroner. Opposisjonen rasar mot avtalen.

Viktor Janukovitsj (t.v.) og Vladimir Putin i Kiev.

Dei to presidentane Viktor Janukovitsj (t.v.) og Vladimir Putin vart samde om viktige samarbeidsavtalar i Kiev i dag.

Foto: SERGEI KARPUKHIN / Reuters

Opposisjonsleiaren Vitalij Klitsjko skuldar Janukovitsj for å ha sett Ukraina i pant for å få utbetalt 90 milliardar kroner frå Russland. Han krev at det blir utlyst nyval straks, og den tidlegare boksaren seier at han no vil møte Janukovitsj «i ringen».

Vitali Klitsjko

Vitalij Klitsjko langar ut mot president Viktor Janukovitsj.

Foto: Sergei Chuzavkov / Ap

- Han har svike Ukrainas nasjonale interesse, gitt opp sjølvstende og håpet om ei betre framtid for ukrainarar, seier Vitalij Klitsjko, ifølgje nyheitsbyrået Reuters.

Det vart semje om avtalen på eit møte mellom Russlands president Vladimir Putin og hans hardt pressa ukrainske kollega Viktor Janukovitsj i Moskva i dag. Avtalen kjem i stand i ei tid då den ukrainske økonomien er i elendig forfatning, så ille at mange meiner dei er på randa av statskonkurs.

Vladimir Putin sa på ein pressekonferanse i ettermiddag at dei to ikkje hadde diskutert om Ukraina skal gå inn i ei Moskva-leidd frihandelsblokk.

Billegare naturgass

Putin og Janukovitsj vart i dag samde om at prisen på russisk naturgass til Ukraina skal setjast ned med ein tredel til 268,50 dollar per 1000 kubikkmeter. Dei vart også samde om ein avtale som tek sikte på å fjerne hinder for auka samhandel mellom dei to landa.

Samstundes går det føre seg store demonstrasjonar mot presidenten og regjeringa i Ukraina, med daglege demonstrasjonar på Sjølvstendeplassen rett framfor presidentbygningen i hovudstaden Kiev.

Demonstrasjonar i Kiev.

Demonstrantane held stand på Sjølvstendeplassen i sentrum av Kiev.

Foto: Dmitry Lovetsky / Ap

Vitalij Klitsjko, den tidlegare verdsmeisteren i tungvektsboksing og no leiar for eitt av opposisjonspartia i Ukraina, var den første frå opposisjonen til å kommentere avtalen. Og som venta slakta han avtalen fullstendig.

I ei fråsegn frå Det kvite hus i Washington heiter det at avtalen ikkje vil føre til at demonstrantane i Kiev vil gi seg.

LES OGSÅ: Hva nå, Janukovitsj?

LES OGSÅ: Rykte om russisk rakettutplassering skaper frykt i Baltikum og Polen

Store demonstrasjonar

Demonstrasjonane starta då den ukrainske presidenten i siste liten varsla at han likevel ikkje ville skrive under ein frihandelsavtale med EU. Vestlege land og den ukrainske opposisjonen meiner det var press frå Russland som gjorde at avtalen ikkje vart underskriven.

Den politiske situasjonen i Ukraina er svært vanskeleg. Innbyggjarane er delte i synet på kor nær landet skal knyte seg opp mot Russland. Mange i den vestlege delen av Ukraina ynskjer å knyte seg nærmare til EU og Europa, medan mange i den delen av landet som grensar mot Russland ynskjer eit tettare samarbeid dit.

I tillegg er det nasjonalistiske grupper som ikkje vil knyte seg til korkje EU eller Russland.

Direkteinnslag fra Dagsrevyen.
Kiev

DIREKTE: Demonstrasjonane held fram i Kiev.

– Tettare økonomisk samarbeid

Ukrainas president Viktor Janukovitsj sa før møtet med Putin i dag at det er heilt naudsynt for Ukraina med eit tettare økonomisk samarbeid med Russland. Han sa også at det er viktig at dei to landa held fram med å utvikle eit endå meir strategisk partnarskap.

Putin på si side kalla Ukraina for ein av Russlands strategiske partnarar.

Analytikaren Neil Shearing seier til nyheitsbyrået Reuters at finansmarknadene kjem til å reagere positivt på den russisk-ukrainske avtalen, men at utsiktene på lenger sikt framleis er usikre.

Store demonstrasjonar i Kiev.

Ukrainske EU-tilhengjarar demonstrerer også i kveld på Sjølvstendeplassen i Kiev.

Foto: GLEB GARANICH / Reuters

LES OGSÅ: EU stanser forhandlingene

LES OGSÅ: Opprørspoliti skilte demonstrasjoner for og mot Janukovitsj i Kiev

LES OGSÅ: Ashton: – Ukraina vil signere EU-avtale

LES OGSÅ: Isfront mellom partane i Ukraina

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt