NRK Meny
Normal

Cameron: Iran må straffe ambassade-angriparane

Storbritannias statsminister David Cameron krev at iranske styresmakter straffar dei ansvarlege bak storminga av den britiske ambassaden i Teheran i dag.

Angrep på den britiske ambassaden i Teheran.

Det gjekk hardt føre seg under angrepet på den britiske ambassaden i Teheran.

Foto: ATTA KENARE / Afp

Storbritannias statsminister David Cameron.

Storbritannias statsminister David Cameron reagerer sterkt på stortinga av den britiske ambassaden i Teheran.

Foto: Michel Spingler / Ap

Cameron seier at det er Irans ansvar å straffe dei ansvarlege, levere tilbake alle britiske eigedelar og syte for at begge dei to ambassadeområda som vart angripne i dag, blir trygge å opphalde seg i.

LES OGSÅ: Mobben forlot Teheran-ambassade

– Skandaløst og uforsvarleg

Statsministeren kalla angrepet mot den britiske ambassaden i dag for skandaløst og uforsvarleg. Han gjer det klart at angrepet kjem til å få alvorlege konsekvensar for Iran, utan å gå nærmare inn på kva det inneber. Storbritannia vil avgjere kva tiltak som er aktuelle i løpet av få dagar, la han til.

Også utanriksminister William Hague sa tidlegare i kveld at angrepet på ambassaden ville få alvorlege konsekvensar for Iran.

Burklakledd demonstrant med bilete av ayatolla Ali Khamenei.

Ein av dei kvinnelege aktivistane bar bilete av den øvste leiaren i Iran, ayatolla Ali Khamenei.

Foto: Vahid Salemi / Ap

David Cameron uttalte seg etter eit krisemøte i det nasjonale tryggingsrådet

Også EU og USA har teke sterk avstand frå ambassadeangrepet, og utanriksdepartementet i Tyskland har kalla den iranske ambassadøren inn på teppet for å protestere mot det som skjedde i Teheran i dag.

Tende på dokument og flagg

Ein mobb på fleire hundre rasande personar, dei fleste av dei unge studentar, storma to britiske ambassadebygningar på to ulike stader i Teheran i dag. Dei smadra dører, møblar og vindauge, stal og sette fyr på dokument og nekta å følgje politiet sine ordrar om å forlate området.

Angriparane brende også det britiske, det amerikanske og det israelske flagget

Tryggingsrådet i FN har i kveld samrøystes fordømt abassadeangrepet på det sterkaste. Også Russland, som er ein av Iran sine næraste allierte, røysta for resolusjonen, som også kravde at Iran sørgjer for at diplomatar i landet er trygge.

Brenning av det britiske, amerikanske og israelske flagget i Teheran.

Angriparane sette fyr på det britiske, amerikanske og israelske flagget.

Foto: ATTA KENARE / Afp

Både politifolk og angriparar vart skadde i tumultane.

Iransk UD beklagar

Ein talsmann for iransk UD sa tidleg at dei tok avstand frå angrepet på den britiske ambassaden, og at dei ville sørgje for at ambassadepersonellet var trygge.

Det vart først meldt at seks britiske diplomatar vart tekne som gislar av angriparane, men dette vart seinare avsanna av utanriksminister William Hague. Han sa det i ein periode var uklart kvar dei seks oppheldt seg.

Fleire iranske opposisjonelle meiner det var det iranske regimet sjølv som utførde angrepet. Dei trur det var den iranske revolusjonsgarden som stod bak storminga av den britiske ambassaden, og ikkje vanlege studentar.

Dei meiner å kjenne igjen fleire av ambasadestormarane frå angrepa mot regimekritikarar i Iran i fjor, og nokre av angriparane bar bilete av Ghasem Soleimani, som er sjef for Al Quds-brigaden i revolusjonsgarden.

LES OGSÅ: Iran straffer Storbritannia

LES OGSÅ: USAs forsvarssjef advarer mot å bombe Iran

USA fordømmer

USAs utenriksminister Hillary Clinton meiner storminga av den britiske ambassaden i Teheran er ei krenking av verdssamfunnet.

Hillary Clinton

USAs utenriksminister Hillary Clinton fordømmer angrepene.

Foto: ALEX WONG / AFP

– USA fordømmer dette angrepet på det sterkaste. Det er ei krenking ikkje berre av det britiske folket, men av verdssamfunnet, sa Clinton under eit besøk i Sør-Korea onsdag.

Også FNs generalsekretær Ban Ki-moon gjør det klart at han er sjokkert og sint etter ambassadestorminga.

LES OGSÅ: USA har hatt «direkte kontakt» med Iran om terror-planar

LES OGSÅ: – Usannsynlig at USA går til angrep

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt