- Iran har sett fri Al Qaida-toppar

Iran har sett fri fleire Al Qaida-toppar slik at dei igjen kan ta opp kampen mot utanlandske soldatar i Pakistan og Afghanistan, seier kjelder i Pakistan og Midtausten.

Suleiman Abu Ghaith var talsmann for Al Qaida

Suleiman Abu Ghaith, talsmann for Al Qaida i tida rundt terrorangrepa mot USA i 2001, er ein av dei som no er sette fri i Iran.

Foto: REUTERS TV / REUTERS

Den britiske avisa The Times har snakka med anonyme kjelder som fortel at Iran no gir hemmeleg hjelp til opprørarane som kjempar mot NATO-styrken i grenseområdet mellom Afghanistan og Pakistan.

- Trent av revolusjonsgarden

Saif al-Adel er ein leiande Al Qaida-medlem

Saif al-Adel skal ha blitt utnemnd til ny militærsjef for Al Qaida i Pakistan og Afghanistan.

Foto: HO / REUTERS

Blant dei som skal vere sette fri, og i mange tilfelle fått trening av Den iranske revolusjonsgarden, er den egyptiske Al Qaida-toppen Saif al-Adel. Han står på FBI si liste over ettersøkte etter angrepa mot fleire amerikanske ambassadar i det austlege Afrika i 1998, der fleire hundre menneske vart drepne.

Anonyme pakistanske tenestemann har sagt at Saif Al-Adel er utnemnd til sjef for Al Qaidas militære operasjonar i Afghanistan og Pakistan.

Det skal gjelde også Suleiman Abu Ghaith, opprinneleg frå Kuwait og rekna som offisiell talsmann for Al Qaida i tida rundt terrorangrepa mot USA 11. september 2001. Ein annan er Abu Khayr al-Masri, som har vore ein nær medarbeidar av nestleiaren i Al Qaida, den egyptiske augelegen Ayman Al-Zawahri.

Al-Qaidas nestleder Ayman al-Zawahri

Al Qaidas nestleiar Ayman al-Zawahri.

Foto: AP

Både Zawahri og leiaren for Al Qaida, Osama bin Laden, oppheld seg truleg i det uvegsame grenseområdet mellom Afghanistan og Pakistan

LES OGSÅ: USA: Al Qaida svekt i Pakistan

LES OGSÅ: Selvmordsbomberen kan ha samarbeidet med radikal imam

Flykta til Iran etter 11/9

Fleire av toppane i Al Qaida flykta til Iran då USA invaderte Afghanistan etter terrorangrepa mot New York og Washington 11. september 2001, og iranske styresmakter skal ha sett fleire av dei i husarrest.

Ei avis i Kuwait melde i november at fleire leiande Al Qaida-medlemer, blant dei Abu Ghaith, hadde reist frå Iran til Jemen.

Fleire Al Qaida-toppar i stammeområda mellom Afghanistan og Pakistan er drepne i amerikanske droneangrep i haust.

LES OGSÅ: Ti opprørere drept i droneangrep i Pakistan

LES OGSÅ: – Flere selvmordsangrep i julen

LES OGSÅ: - Stockholm var berre starten

LES OGSÅ: – Terrorisme kan ramme alle

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt