Hopp til innhold

- Iran 2-3 år unna ei atombombe

Iran er minst to til tre år frå å vere i stand til å produsere ei atombombe, meiner ei leiande britisk tankesmie.

Det iranske atomanlegget i Natanz
Foto: DIGITALGLOBE / AFP

International Institute for Strategic Studies (IISS) i London meiner at det i år vil bli lagt sterkt press på USA for å stanse det iranske atomprogrammet.

Det er venta at Iran i løpet av februar vil starte innstalleringa av 3000 atomsentrifugar, slik at landet blir i stand til å framstille uran industrielt.

30-50 atomvåpen

Dersom 3000 sentrifugar går kontinuerleg i eitt år kan landet bli i stand til å starte produksjonen av eitt atomvåpen.

 

John Chipman er toppsjef i Institute for International Studies.
Foto: MAX NASH / AP

IISS meiner at Iran har eit lager på 250 tonn uranhexaflorid (UF6), som er råmaterialet som skal opprikast slik at det kan brukast blant anna til produksjon av atomvåpen.

Instituttet meiner at når denne mengda er ferdig opprika, så kan Iran vere i stand til å produsere mellom 30 og 50 atombomber.

- Den viktigaste flaskehalsen for å produsere atomvåpen  er kunnskapen om korleis UF6 skal behandlast i sentrifugane over ein lenger periode. Når Iran først kan dette, så blir sjansen større for eit militært angrep mot landet for å stanse atomprogrammet, seier toppsjefen i IISS, John Chipman.

3000 sentrifugar

Ein iransk parlamentarikar sa sist laurdag at landet alt har starta installeringa av 3000 nye atomsentrifugar ved atomanlegget i Natanz, men dette er seinare avvist av den iranske sjefforhandlaren Ali Larijani.

Andre kjelder seier at Iran tidleg i februar vil offentleggjere installasjonen av 3000 sentrifugar, og at dei samstundes vil gjere det klart at landet no i realiteten beherskar atomteknologien.

John Chipman sa då han presenterte IISS sin årlege  rapport, "The Military Balance", "Militærbalansen", i dag, at Iran truleg vil nå målet med å installere 3000 sentrifugar i slutten av mars eller kort tid etter.

To til tre år

- Om og når Iran har 3000 sentrifugar som fungerer 100 prosent vil det ta mellom ni og elleve månader å produsere dei 25 kilo fullt opprika uran som trengst for å produsere eit atomvåpen. Det vil ta mellom to og tre år før heile prosessen er gjennomført, minst, seier Chipman.

Mark Fitzpatrick er IISS sin ekspert på ikkjespreiingsavtalen for atomvåpen, og er tidlegare tenestemann i det amerikanske utanriksdepartementet.

Han trur det vil bli eit stadig sterkare press på USA for å prøve å stanse det iranske atomprogrammet med militære midlar.

- Eg trur ikkje Washington har gitt opp diplomatiet i denne saka. Men i løpet av 2007 vil presset auke på å gjere noko, i det minste slå fast om det verkeleg er mogleg å stanse det iranske atomprogrammet med militære midlar, seier Fitzpatrick.

Skepsis

Ein del observatørar er skeptiske til om det i det heile teke er mogleg å stanse det iranske atomprogrammet ved hjelp av bomber. Atomprogrammet er spreidd på ulike anlegg rundt om i landet, og det er også frykt for at Iran kan slå tilbake og for ein destabilisering av heile regionen.

Korkje USA eller Israel har utelukka eit militært angrep på Iran for å stanse atomrpgrammet, men amerikanske styresmakter har gjort det klart at det å finne ei diplomatisk løysing har topp prioritet.

Sjefen for Det internasjonale atomenergiprogrammet IAEA, fredsprisvinnaren Mohamed ElBaradei, sa sist veke at eit militær angrep på Iran vil vere ein katastrofe.

Israelsk angrep?

Sist månad melde ei britisk avis at det israelske flyvåpenet har trent på å angripe iranske atomanlegg med taktiske atomvåpen. Israelske styresmakter avviste meldinga som sludder, men landet har også gjort det klart at dei aldri vil godta at Iran blir ei atommakt.

Den siste tida har det kome meldingar frå Iran om at det er veksande motstand i Iran, også internt i maktapparatet, mot president Mahmoud Ahmadinejad  si konfrontasjonsline mot Vesten.

Det er likevel ingenting som tyder på at det iranske regimet kan kome til å stanse atomprogrammet sitt, slik det internasjonale samfunnet krev.

 

 

 

 

SISTE NYTT

Siste nytt