Hopp til innhold

- Denne vondskapen skulle ingen menneske måtte oppleve

– Vondskapen eg såg denne kvelden skulle ikkje noko menneske måtte oppleve. Det var grufullt, seier kjærasten til den indiske kvinna som vart brutalt valdteken i New Delhi 16. desember.

Indiske studentar protesterer mot valdtekter.

Protestane mot valdtekter held fram i India. Her er det ei gruppe kvinnelege studentar som demonstrerer.

Foto: Anupam Nath / Ap

Den 23 år gamle kvinna døydde av skadane på eit sjukehus i Singapore i romjula. Kjærasten (28), som ber om å få vere anonym, var saman med henne på bussen der gruppevaldtekta skjedde.

– Prøvde å forsvare henne

Demonstrasjoner i India mot vold mot kvinner

Det har vore demonstrasjonar i India så å seie dagleg sidan den brutale valdtekta.

Foto: NOAH SEELAM / Afp

– Eg prøvde å forsvare henne, men eg var ikkje sterk nok. Seinare trygla eg dei gong på gong om å late henne vere i fred, seier den sterkt prega mannen i eit telefonintervju med nyheitsbyrået AFP. Han snakkar frå barndomsheimen i byen Gorakhpur i den nordlege indiske delstaten Uttar Pradesh.

28-åringen vart både fysisk og psykisk skadd i angrepet, og han har teke seg fri frå jobben i eit datafirma i New Delhi.

Han var saman med den 23 år gamle kvinna på kino denne kvelden. Då dei skulle heim vart dei plukka opp av ein privat minibuss, der sjåføren sa seg villig til å køyre dei heim til den kvinnelege studenten.

LES OGSÅ: Flere indiske kvinner skaffer seg våpen og lærer selvforsvar

Bestialsk mishandling

Dei hadde ikkje før kome inn i bussen før angrepet var i gang. Også sjåføren var med på det, fortel mannen. Han var vitne til at kjærasten hans vart mishandla på bestialsk vis, utan å kunne gjere noko for å hindre det. Mishandlinga varte i rundt ein time, kan han fortelje.

Deretter vart dei kasta av bussen i fart. 28-åringen fortel at forbipasserande ikkje stansa opp for å hjelpe dei. Dei ville ikkje ein gong leggje ei jakke over den nakne kroppen hennar, fortel han.

28-åringen er også kritisk til politiet si framferd då dei etter kvart kom til staden.

Han meiner politifolka ikkje forstod kor alvorleg traumatiserte dei var, og han er heller ikkje nøgd med hjelpa dei fekk ved det første sjukehuset dei vart tekne til.

Demonstrasjoner utenfor rettslokalet i India

Gruppevaldtekta i New Delhi 16. desember har sett sinna i kor i India.

Foto: SAJJAD HUSSAIN / Afp

LES OGSÅ: Vil gje ny lov namn etter valdtektsoffer (23)

– Mitt største mistak

Demonstrasjon India

Demonstrantar i India krev dødsstraff for dei tiltalte etter gruppevaldtekta i New Delhi.

Foto: NARINDER NANU / Afp

– Eg var svært usikker på om vi skulle ta mot tilbodet om å bli med i bussen, men sidan kjærasten min måtte vere heime til eit visst tidspunkt, så hadde vi dårleg tid. Dette er det største mistaket eg nokon gong har gjort, og etter dette kom alt ut av kontroll, seier han.

Han fortel at han trygla sjåføren om å stanse bussen og setje dei av. Men det nytta ikkje. Dei låste begge dørene i bussen, og så var helvete laust.

Han fortel at mennene plasserte kjærasten hans på eit sete like ved sjåførplassen. Der valdtok dei henne etter tur, og i tillegg vart ho slått med ei jernstong.

Inga draps- eller valdtektssak har vekt slikt raseri i India som denne saka. Demonstrantar prøvde blant anna å storme det indiske parlamentet , og det har vore demonstrasjonar med krav om dødsstraff for gjerningsmennene nesten dagleg sidan 15. desember.

LES OGSÅ: Familien tok farvel med indisk voldtektsoffer

– Skjelv av smerte

– Eg greier ikkje å fortelje deg kva eg føler når eg tenkjer på det som skjedde. Eg skjelv av smerte, seier han.

Rettssaka mot fem av dei seks mennene som er tiltalte i saka startar laurdag. Dei risikerer dødsstraff . Den sjette tiltalte er under 18 år og skal framstillast for ein ungdomsdomstol.

INDIA-RAPE/ A girl lights candles during a candlelight vigil for a gang rape victim who was assaulted in New Delhi, in Kolkata

Inga draps-eller valdtektssak i India har tidlegare vekt så sterke reaksjonar frå vanlege menneske.

Foto: RUPAK DE CHOWDHURI / Reuters

LES OGSÅ: Ingen vil forsvare indiske gjengvoldtektsmenn