- Vi hadde ikkje i vår villaste fantasi trudd det var mogleg at vraket av "Tricolor" skulle bli pårent av andre skip. Vraket er merkt etter føreskriftene, og det ligg fleire båtar i området for å passe på, seier skipsreiar Wilhelm Wilhelmsen. I tillegg blir det åtvara om at vraket ligg der kvar halvtime på radioen.
Skipsreiar Wilhelm Wilhelmsen.
Trist og merkverdig"
Wilhelmsen kallar den nye samanstøyten for ein trist og merkverdig episode, og han har ikkje har noko forklaring på korleis det har skjedd. Han er likevel klar på at rederiet ikkje kan lastast.
Skipsreiaren opplyser at det ikkje har leke olje frå tankskipet "Vicky", som køyrde seg fast i vraket av "Tricolor" i går. Skipet er lasta med rundt 70.000 tonn brenseolje. - Det er registrert ei viss oljelukt i området, men det er ikkje meldt om nokon form for lekkasje, seier Wilhelm Wilhelmsen til NRK.
Han veit ikkje kva meir rederiet kan gjere for å hindre nye samanstøytar. Han meiner det er franske styresmakter og forsikringsselskapa som no har ansvaret for det som skal skje vidare.
Lekteren som fjerner olje fra "Tricolor" starta opp igjen arbeidet i dag. (Reuters-foto)
Sterkt press
- Eg reknar med at det vil bli lagt eit sterkt press for å finne ei løysing på korleis vraket av "Tricolor" skal fjernast. Men først må all oljen fjernast frå "Tricolor", og hittil er ein tredjedel fjerna, seier han.
Wilhelmsen fortel også at arbeidet med å fjerne olje frå skipet held fram i dag, men at det framleis vil ta ein del tid før dette arbeidet er ferdig. Arbeidet er avhengig av at veret ikkje for dårleg.