Hopp til innhold

- Ikkje full tilbaketrekking

Israel kjem ikkje til å trekkje alle soldatane sine ut frå Gazastripa før innsetjinga av Barack Obama som ny amerikansk president.

Israelske soldatar på veg ut frå Gazastripa heim til Israel.

Alle dei israrelske soldatane blir ikkje trekte ut frå Gaza no, seier ein israelsk talsmann.

Foto: YOAV LEMMER / AFP

I går sa kjelder i den israelske regjeringa at alle dei israelske soldatane skulle vere ute av Gazastripa før innsetjinga av Barack Obama.

Han blir innsett i ettermiddag norsk tid.

Men i dag seier Avita Liebovich, talsmann for den israelske hæren, at det ikkje er snakk om ei full tilbaketrekking av styrkane no.

Ho greidde å berge bamsen sin frå ruinane denne jenta.

Den 12 år gamle jenta berga bamsen sin frå ruinane av huset.

Foto: ADEL HANA / AP

Ein høgtståande tenestemann i Forsvarsdepartementet seier at spørsmålet om full tilbaketrekking heng saman med situasjonen på bakken.

- Vi trekkjer styrkane våre ut litt etter litt, men dei blir ståande like utanfor grensa i tilfelle det blir naudsynt å rykkje inn igjen, seier den anonyme tenestemannen.

Israel stansa den 22 dagar lange offensiven på Gazastripa med ei einsidig våpenkvile natt til søndag. Dagen etter fylgde Hamas og andre militante grupper opp og erklærte også ei einsidig våpenkvile.

Hamas-styresmaktene på Gazastripa hevdar at 5000 hus er totalt øydelagde av den israelske bombinga, medan 20 000 bustader har fått omfattande skadar. I tillegg er 16 regjeringsbygningar og 20 moskear også lagde i grus, blir det sagt.

I dag reiser FNs generalsekretær Ban Ki-Moon inn på Gazastripa for å vitje blant anna FN sine installasjonar i området. Han skal også vitje områda i det sørlege Israel som har vorte angripne med rakettar skotne frå Gazastripa av Hamas og andre militante grupper.

Ruiner gaza

Senga var det einaste som var heil etter bombinga av dette huset i Jabilya.

Foto: JERRY LAMPEN / AP

SISTE NYTT

Siste nytt