NRK Meny
Normal

- Hjelpearbeidet går lettare

- Vi merkar at det er lettare å jobbe i Burma no, melder bistandsorganisasjonen CARE.

Røde Kors-arbeidere i Irrawaddy-deltaet
Foto: HO / REUTERS

Generalsekretær Ban Ki-Moon i FN har i dag vore på tur rundt i Burma for å få regimet til å godta ein internasjonal nødhjelpsaksjon for syklonoffera.

Bistandsorganisasjonar som er på plass i landet er optimistiske.

- Det har losna no, seier informasjonssjef Gørill Husby i CARE.

- Mange naudhjelpsekspertar frå ASEAN-landa har kome til Burma, generalsekretæren i FN er på plass og luftbrua inn til landet fungerer brukbart. Dette skjer seint, men det er framleis mange som treng hjelp.

- Vanskeleg innsamlingsaksjon

Dei seks store norske bistandsorganisasjonane Redd Barna, CARE, Røde Kors, Flyktninghjelpen, Norsk Folkehjelp og Kirkens Nødhjelp har gått saman om å samle inn pengar til offera etter syklonen.

Dei som ønskjer å hjelpe kan bruke konto nummer 10 eller ringe telefonnummer 820 44 003.

Til no er det kome inn 4,2 millionar kroner, men innsamlingsaksjonen har gått trått, fortel Husby.

- Den vanskelege arbeidssituasjonen i landet har ført til at folk har lurt på om hjelpa kjem fram eller ikkje.

- Hjelpa har kome fram

På ein pressekonferanse i Bankok i dag tidleg forsikra CARE saman med organisasjonane Redd Barna, World Vision og Oxfam at hjelpa dei har gjeve har kome fram.

- Vi har hatt mange tilsette ute i felt heilt frå starten av og berre brukt eigne folk til distribueringa. Vi kan såleis forsikre at ingenting har havna i feil hender, seier Husby.

På grunn av dei vanskelege arbeidsforholda har organisasjonane likevel ikkje fått levert meir enn om lag 30 prosent av den hjelpa dei ønskjer å gje 20 dagar etter katastrofen. Men dei håper arbeidet vert lettare no.

Enormt behov for pengar

Sundag er det gjevarkonferanse for Burma i Yangon og bistandsorganisasjonane har store forventningar.

- Det er eit enormt behov for pengar - både til kortsiktig nødhjelp og til meir langsiktig oppbygging av landet, seier Husby.

- Vi vil utfordere norske styresmakter og verdssamfunnet til å også tenkje langsiktig midt i denne akutte krisa. Det vil ta lang tid å gjenoppbygge alle dei landsbyane som er utsletta etter syklonen, seier generalsekretær Marte Gerhardsen i CARE i ei pressemelding i dag.

CARE har sagt dei åleine treng 50 millionar norske kroner over ein periode på tre år for å kunne yte den hjelpa dei ønskjer.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt