Hopp til innhold

- Hemmeleg avtale gir USA høve til å overvake britiske borgarar

Britiske styresmakter inngjekk ein avtale med USA i 2007, som gav amerikansk etterretning tilgang til tidlegare hemmeleg informasjon om britiske borgarar, skriv den britiske avisa The Guardian.

Edward Snowden

Nye lekkasjar frå Edward Snowden viser ein avtale om at USA kan overvake britiske borgarar.

Foto: THE GUARDIAN / Afp

The Guardian siterer dokument som er skaffa fram av den tidlegare medarbeidaren i den amerikanske etterretningsorganisasjonen NSA, Edward Snowden. USA kallar han spion, andre kallar han for varslar. Ifølgje dokumenta er informasjon om britiske statsborgarar, som ikkje er mistenkte for å ha gjort noko ulovleg, lagra av NSA.

Det skal vere snakk om informasjon som er tappa frå telefontrafikk, Internett og E-post. Informasjonen har blitt analysert og lagra av NSA, National Security Agency, går det fram av dokumenta.

Faksimile frå The Guardian.

Faksimile frå The Guardian

Foto: Photograph: Guardian

Masseovervaking

NSA-sjef Keith Alexander

Keith Alexander er sjef for den amerikanske etterretningsorganisasjonen NSA.

Foto: JASON REED / Reuters

Ifølgje The Guardian er dette første gongen det er stadfesta at britiske borgarar har hamna i eit amerikanske masseovervakingsprogram. Ein hemmeleg avtale mellom USA og Storbritannia skal ha blitt inngått i 2007, slik at det vart mogleg for å USA å samle informasjon om personar som ikkje er mistenkte for noko.

Dette går fram av eit memorandum som The Guardian i kveld har publisert i samarbeid med den britiske fjernsynskanalen Channel 4.

Storbritannia og USA skal vere dei viktigaste medlemslanda i det som blir kalla «Five-Eyes»-samarbeidet (femaugesamarbeidet), der også Australia, New Zealand og Canada er med. Dette samarbeidet inneber at dei fem landa skal utveksle etterretningsinformasjon, men tidlegare har det vore ei oppfatning av at innbyggjarane i dei enkelte landa ikkje kunne bli overvaka av dei andre landa.

LES OGSÅ: Solberg: – Ikkje rart eller overraskande

LES OGSÅ: Avviser overvåking av norske borgere i Norge

Kan lagre informasjon

Dokumenta som Edward Snowden har publisert, viser ifølgje The Guardian blant anna dette:

Etter avtalen frå 2007 fekk NSA tilgang til, og rett til å lagre, mobiltelefonnummer, IP-adresser, E-postadresser, som dei har fanga opp gjennom si overvaking. Tidlegare har slike opplysningar blitt fjerna frå databasen til NSA, etter den gamle avtalen mellom dei to landa.

Desse personopplysningane skal ha vorte fange opp av overvakarane tilfeldig, gjennom enorme sveip i telefon- og datatrafikken, utan at personane det gjaldt var mistenkte for å ha gjort noko ulovleg.

NSA skal ha brukt desse opplysningane i jakta si på lenkjer av kontaktar, å analysere kommunikasjon mellom personar i fleire ledd.

LES OGSÅ: Dagbladet: – Vi kan ha misforstått

LES OGSÅ: NSA-sjef avviste overvakingsskuldingar i slutten av oktober

Prosedyre for overvaking

Eit memorandum frå 2005, som var merka topp hemmeleg, skal ifølgje The Guardian ha skissert ein prosedyre for overvaking av innbyggjarane i dei andre femauge-landa, også i land der styresmaktene eksplisitt hadde forbode USA å gjere det. Her går det klart fram at denne overvakinga skulle skje utan at dei andre landa får vite om det.

Det går ikkje fram av dokumenta The Guardian har sett om britisk etterretning hadde ryggdekning frå regjeringa før dei gjekk inn på avtalen med USA. Det går heller ikkje fram kven i britisk etterretning som inngjekk avtalen, bortsett frå at det vart gjort av UK Liason Office, som er ein del av GCHQ.

Avisa har utan hell prøvd å få kommentar om saka frå både den britiske regjeringa og etterretningsorganisasjonen GCHQ.

LES OGSÅ: – Rart at E-tjenesten går så detaljert ut

LES OGSÅ: NSA: Litt mer enn «ren gjetning» nok for å overvåke telefondata

SISTE NYTT

Siste nytt