Hopp til innhold

- Hald hendene unna Afrika

Laiar for Den afrikanske unionen (AU) går hardt ut mot den vestlege militære intervensjonen i Elfenbeinskysten og Libya.

Nguema Mabasogo, president i Ekvatorial-Guinea og leiar for Den afrikanske Unionen AU.

- Hald hendene unna Afrika, seier Nguema Mabasogo, leiar for Den afrikanske Unionen (AU).

Foto: THOMAS MUKOYA / Reuters

- Afrika treng ikkje internasjonal påverknad, Afrika må ordne opp i sine eigne problem, sa Obiang Nguema, som ved sidan av å vere AU-leiar også er president i Ekvatorial-Guinea, under ein internasjonal konferanse i Geneve i Sveits.

Uro i Abidjan i Elfenbenskysten.

Fleire hundre menneske har mist livet i kampar i Elfenbeinskysten den siste veka.

Foto: JEAN-PHILIPPE KSIAZEK / Afp

Nguema sa at vestleg innblanding fører til at det blir feil løysingar for afrikanske land.

Afrikansk løysing

- Problem i Afrika kan ikkje løysast ved hjelp av europeiske, amerikanske eller asiatiske løysingar, sa han blant anna.

AU-leiaren sa også at valdsbruken i Elfenbeinskysten har ført til tap av mange menneskeliv, og at AU har lagt sterkt press på den sitjande presidenten Laurent Gbagbo, for å få han til å gå av, og til å godkjenne Alassane Ouattara som den rettmessige presidenten.

- Men dette skulle ikkje føre til krig og intervensjon av framande styrkar, sa Nguema i følgje nyheitsbyrået AFP. Her sikta han til den franske militæraksjonen i landet, som har hatt som mål å verne utanlandske statsborgarar.

LES OGSÅ: Obama til Gbagbo: – Du må gå av umiddelbart

LES OGSÅ: – Gbagbo forhandler om sin avgang

LES OGSÅ: Obama sier Gbagbo må gå

Internasjonal koalisjon

Libya

AU-sjefen er sterkt kritisk til den vestlege bombinga av Libya.

Foto: Hamza Turkia / Ap

Han kom også med harde ord om den internasjonale koalisjonen som oprererer i luftrommet over Libya.

- Den afrikanske unionen er rette organet til å hjelpe til ui land som Elfenbeinskysten, Sudan, Egypt, Tunisia og Libya, sa han.

Oiang Nguema vart utnemnd til leiar i AU i januar. Han har møtt kritikk for at han ikkje er nok oppteken av menneskerettar i heimlandet Ekvatorial-Guinea.

LES OGSÅ: Obama sier Gbagbo må gå

LES OGSÅ: - Libya vil forhandle med vesten

LES OGSÅ: Nordsjøolje over 120 dollar

LES OGSÅ: Ouattaras styrker skal ha tatt kontroll over Gbagbos residens

SISTE NYTT

Siste nytt