- Anti-politikaren Beppe Grillo kan bli ein farleg politikar

Satirikaren og anti-politikaren Beppe Grillo er den store valvinnaren i Italia. Det at han avviser samarbeid med etablerte politiske parti uroar Italia-kjennarar.

Beppe Grillo på talarstolen i Roma.

Den karismatiske komikaren Beppe Grillo har utløyst eit jordskjelv i italiensk politikk.

Foto: STEFANO RELLANDINI / Reuters

Blant dei er norsk-italienske Elisabetta Cassina Wolff, førsteamanuensis i historie ved Universitet i Oslo. Ho er skremt av at Beppe Grillo, leiaren for Femstjernealliansen som fekk 25 prosent av røystene ved parlamentsvalet denne veka, avviser alt samarbeid med dei andre partia.

LES OGSÅ: – Ingen storkoalisjon i Italia

Elisabetta Cassina Wolff byline

Elisabetta Cassina Wolff er førsteamansuensis i historie ved Universitetet i Oslo og Italia-kjennar.

Ho undrar seg om han eigentleg ynskjer seg eit system utan politiske parti.

Ho er likevel ikkje utelukkande negativ til protestrørsla:

– Femstjernerørsla har klart noko fantastisk, å få mange unge og mange kvinner med entusiasme og også gode idear, inn i parlamentet.

Avviser samarbeid

På bloggen sin onsdag avviste Beppe Grillo ein invitt frå leiaren for sentrum/venstre-koalisjonen, Pier Luigi Bersano, om å samarbeide

– Essensen i demokratiet er kompromiss. Grillo seier at han ikkje ein gong vil vurdere invitten frå Bersano, og det gir grunn til uro. Det er vanskeleg å vere optimist i den situasjonen som rår no, seier ho til NRK.no.

Ho seier likevel at ho sjølv om ho ser på Grillo som farleg for Italia, så har ho håp om at dei som er valde inn i parlamentet vil vere meir ansvarlege og samarbeide med dei andre partia. Fleire av dei nyvalde representantane til Femstjernealliansen har alt sagt at dei vil vurdere å samarbeide i parlamentet.

LES OGSÅ: Tysk politiker: Grillo og Berlusconi er klovner

LES OGSÅ: – Vi fant opp fascismen, kristelig-demokratene, Berlusconi. Nå har vi til og med funnet opp Grillo

– Nytt kaos

Leiar for Det demokratiske partiet i Italia, Pier Luigi Bersani.

Pier Luigi Bersani er oppgitt over den fastlåste politiske situasjonen i Italia.

Foto: TONY GENTILE / Reuters

Elisabetta Cassina Wolff fryktar ein situasjon der alle parti legg ned veto mot kvarandre og gjer det umogleg for presidenten å utnemne ein statsminister.
Då blir Italia kasta ut i eit nytt kaos der nyval er einaste resultatet. Og det er berre Beppe Grillo som ynskjer eit nyval, seier ho.

I ein kronikk på NRK.no onsdag skreiv ho dette:

Valget i februar 2013 er et vendepunkt som markerer slutten på et tydelig skille mellom to klare alternativer – venstre og høyre. det er et nederlag for den typiske italienske europaismen, og begynnelsen på en kaotisk fase der alt og det motsette av alt er mulig.

Les heile kronikken her: Italiensk kaos

64 år gamle Beppe Grillo har i mange år vore ein populær komikar i Italia, med politisk satire som sitt spesialfelt. Den politiske satiren har lange og rike tradisjonar i Italia, og Elisabetta Cassina Wolff meiner italienarar er ekspertar på det.

– Sterk politisk elite

– Dette er folkets måte å reagere på den politiske eliten. Og vi skal hugse at den politiske eliten i Italia alltid har vore svært sterk, seier ho.

Mario Monti

Parlamentsvalet var ein fiasko for sitjande statsminister Mario Monti.

Foto: THIERRY CHARLIER / Afp

No har altså satirikaren sjølv blitt ein viktig politisk aktør. Politikken hans rettar seg mot dei andre politikarane og mot privilegia dei har i samfunnet. Den store utfordringa skjer når antipolitikarane sjølve blir politikarar.

– Dei aller fleste italienarar er samde med Grillo om dette. Også Bersani har sagt at han vil gjere noko med alle ordningane som gir politikarar, både på sentralt og lokalt plan, så mange fordelar, seier forskaren.

– Bersani var audmjuka då han vedgjekk at Femstjernealliansen, som første parti i parlamentet, hadde vunne, og han vende seg først mot Grillo for å be om støtte til ei ny regjering, legg ho til.

Ho meiner Beppe Grillo har klare autoritære trekk. Han likar ikkje debatt internt i rørsla, han nølar ikkje med å ekskludere folk han er usamd med, og det er eit stort spørsmål om han vil rette seg etter grunnlova.

LES OGSÅ: Rekordlav valgdeltagelse kan gi seier til protestpartier

LES OGSÅ: Hvem kan redde Italia?

– Trekk frå fascismen

Benito Mussolini var Italias fremste fascist.

Benito Mussolini grunnla det italienske fascistpartiet.

Foto: Scanpix / AFP

Den tidlegare komikaren har henta veljarar både frå høgresida og frå venstresida. Elisabetta Cassina Wolff ser også klare trekk frå programmet til fascistane på 20-talet, altså den første fascisme-rørsla, som hadde klare venstretrekk.

Ho viser til motstanden mot nasjonale fagforeiningar, som dei vil erstatte med at arbeidarar får plass i dei enkelte bedriftene sine styrer. Også den manglande viljen til kompromiss liknar på Italia før diktaturet vart innført i 20-åra.

Samstundes må Femstjernealliansen sjåast på som eit nasjonalt uttrykk frå den internasjonale antiglobaliseringsrørsla, meiner ho.

– Dersom Femstjernealliansen avviser samarbeid i parlamentet vil det kunne tvinge fram nyval og gi ustabilitet som kan likne på revolusjonære tilstandar, meiner ho.

– Framtida vil vise om partiet vil moderere seg i parlamentet, legg ho til.

LES OGSÅ: Mannen som Italia elsker og landets politikere hater og frykter

– Utan breitt program

Professor og Italia-kjennar Steinar Stjernø meiner at Beppe Grillo er ein kraftfull talar og hardtslåande polemikar, men utan eit breitt politisk program. Han har teke tak i saker som folk har vore opptekne av. Mange er trøytte av det politiske spelet mellom dei etablerte partia og ikkje minst dei mange lukrative privilegia politikarane har skaffa seg.

Det er ting som etterlønnsavtalar, lukrative pensjonar, tenestebilar og legetenester. Folk har også sette seg leie på den omfattande korrupsjonen, og at dei som blir dømde for det kjem unna med låge straffer.

Stjernø meiner at Beppo Grillo har nytt godt av det kan hallar ei rettferdig harme i det italienske folket. Han har inntrykk av at Grillo har samla opp veljarar både på høgre- og venstresida, og kanskje mest frå venstresida.

– Turbulent tid i Italia

Professor Steinar Stjernø.

Italia-kjennar Steinar Stjernø trur det går mot ei turbulent tid i Italia.

Foto: Johannessen, Sara / NTB scanpix

Stjernø opplyser at Grillo blir skulda for å ville skuve Bersano og Det demokratiske partiet inn i ein storkoalisjon med Berlusconi-blokka. Fredag morgon sa likevel Bersani at det er heilt uaktuelt å gå inn i eit regjeringssamarbeid med Berlusconi.

– Det er ingen tvil om vi går mot ei turbulent tid i Italia, seier Stjernø.

Han karakteriserer Beppe Grillo som temmeleg autoritær i sitt eige parti. Han har ikkje nølt med å ekskludere medlemer som har opponert mot leiarstilen hans, fortel han.

Italia-kjennaren trur ikkje Femstjernealliansen til Beppe Grillo vil bli eit varig fenomen i italiensk politikk. Han trur rørsla vil sprekke opp, men at det som kjem ut av ei oppsplitting kan bli varig.

Stjernø kan ikkje sjå klare historiske parallellar til Grillo i italiensk historie. Det var eit parti som kalla seg Allemannspartiet rett etter krigen, men dette varte berre eit par år.

SISTE NYTT

Siste nytt