NRK Meny

- Golfstraumen har ikkje endra seg

Forskarane Stefan Rahmstorf og Mchael Mann møter mykje motbør for rapporten der dei slår fast at Golfstraumen har svekt seg kraftig dei siste åra. Andre forskarar er sikre på at Golfstraumen har vore stabil i same perioden.

Golfstrømmen

Golfstraumen fører varmt vatn frå Mexicogolfen til den nordlege delen av Atlanterhavet.

Foto: NRK
Bent Tanstad
Journalist

Artikkelen er mer enn to år gammel.

Rahmstorf og Mann har brukt datamodellar for å slå fast styrken i havstraumane dei siste 1100 åra. Dei har funne eit punkt ute i det nordlege Atlanterhavet, sør for Grønland, mellom Irland og Newfoundland, der sjøtemperaturen har falle markant. I resten av verda har sjøtemperaturen hatt motsett utvikling.

Dette tolkar Rahmstorf, som er professor ved Potsdam Institute for Climate Impact Research , og medlem av FNs klimapanel, som eit teikn på at havstraumane i dette havområdet ikkje er like kraftige som før. I forskingsrapporten som nyleg vart lagt fram heiter det at reduksjonen er på 15-20 prosent sidan 1975.

Les heile rapporten her

– Straumen ikkje svekt

Professor og klimaforskar Stefan Rahmstorf.

mange har reagert på forskingsresultata til professor Stefan Rahmstorf om havstraumane i Atlanterhavet.

Foto: PIKI

Dette er berre tull, seier andre forskarar, og viser blant anna til ein rapport frå NASA i USA . Ved hjelp av ein overvakingsteknikk utvikla av oseanografen Josh Vills, har dei slått fast at Golfstraumen på ingen måte er svekt. Han brukar satellittbasert teknologi til å overvake Golfstraumen og dei andre viktige havstraumane.

Resultata Vills kjem fram til er sterkt i strid med det Rahmstorf og Mann har funne ut. NASA-forskaren John Vills har slått fast at det ikkje var endring i styrken på havstraumane i perioden 2002–2009.

Han har også funne ut at i perioden 1993 til 2009 så auka sirkulasjonen med 20 prosent.

Også norske forskarar har slått fast at det ikkje nokon fare med Golfstraumen. Forskarar ved Bjerknessenteret for klimaforsking har saman med kollegaer frå Danmark, Færøyane og Tyskland funne ut at havstraumane i Norskehavet har vore stabile sidan 1948.

Usemje mellom forskarar

Også tidlegare har det vore lagt fram forskingsrapportar som har konkludert med ei kraftig svekking av Golfstraumen, men desse resultata har i stor grad vorte tilbakeviste av andre forskarar.

Den norske oseanografen Cecilie Mauritzen i sa i eit intervju med Noregs forskingsråd i april 2008 at temperaturmålingar frå ein stad i Golfstraumen ikkje er mogleg å overføre til heile havstraumen. Ho viser til målingar som er gjorde ved Svinøy-snittet i Norskehavet og i Framstredet lenger nord over ein tiårsperiode.

Dei registrerte at temperaturen ved Svinøy steig rundt ein grad på åtte år, men at dette ikkje har hatt nokon effekt på Golfstraumen, som fører varmt vatn nordover, eller havstraumane som fører kaldt vatn sørover.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt