NRK Meny
Normal

- Glad for at Sverige forlengjer grensekontroll

Stockholm (NRK): Innvandringsminister Sylvi Listhaug (Frp) er glad for at Sverige vil forlengje grensekontrollen. – Grensekontroll er ein av grunnane til at asylstraumen til Noreg er svært låg no, seier ho.

Integreringsminister Listhaug på asylmøte i Stockholm.

VIDEO: Sylvi Listhaug glad for svensk grensekontroll.

Listhaug karakteriserer møtet med dei nordiske kollegaene sine i Stockholm i dag, som svært nyttig. Ho seier til NRK at den svenske grensekontrollen truleg er ei viktig årsak til at asyltilstrøyminga til Noreg ikkje har vore lågare sidan 2001.

Det var den svenske innvandringsministeren Morgan Johansson som opplyste om den utvida grensekontrollen i kveld. Det er venta at Danmark i løpet av eit par dagar skal avgjere om dei også skal forlengje den ekstra grensekontrollen.

– Betre fordeling

Sveriges immigrasjonsminister Morgan Andersson.

Migrasjonsminister Morgan Andersson varsla i kveld forlenging av den svenske utvida grensekontrollen.

Foto: Michael Sohn / Ap

Ho meiner at einaste måten å løyse den vanskelege situasjonen i Europa i dag er ei betre fordeling av asylsøkjarar mellom landa, og at asylsøkjarane sjølve ikkje skal kunne få velje kva land dei skal få reise til.

– Då vil dei velje nokre få land som har gode velferdsordningar og eit godt system, seier ho.

Listhaug seier at Noreg var eitt av dei landa som i fjor tok mot flest asylsøkjarar, og at det no er viktig å få til ei rettferdig fordeling.

Etter at den store tilstrøyminga til Noreg over Storskog i Finnmark stansa, er det stadig fleire asylsøkjarar som reiser via Russland til Finland. Det kjem no 150 asylsøkjarar til Finland denne vegen kvar veke, og finske styresmakter fryktar no at det vil kome langt fleire utover våren.

– Det gjør inntrykk å treffe desperate mennesker ansikt til ansikt

Alle asylsøkere undersøkes for tuberkulose

Ynskjer retur-samarbeid

Petteri Orpo er finsk innvandringsminister.

Finlands innvandringsminister Petteri Orpo ynskjer samarbeid om retur av asylsøkjarar som har fått nei til søknadene sine.

Foto: EMMANUEL DUNAND / Afp

Den finske innanriksministeren Petteri Orpo vil no ha eit nordisk og europeisk samarbeid om retur av dei som ikkje får innvilga asyl. Det kjem mange afghanarar til Finland, og få av desse får opphaldsløyve. Likevel er dei vanskeleg å returnere.

På spørsmål frå NRK om Listhaug fryktar at talet på asylsøkjarar til Noreg frå Russland skal ta seg opp igjen, svarar ho dette:

– Vi har god kontakt med russiske styresmakter, og vi har fått forsikringar om at dette ikkje skal skje.

Møtet mellom dei nordiske innvandringsministrane blir avslutta med ein arbeidsmiddag i kveld.

Mottakslederen ble truet og sjikanert

Normalt å hate

Helsesøstre roper varsku: – Ikke godt nok tilbud til flyktningbarn

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt