NRK Meny
Normal

- Gaddafi er eit legitimt NATO-mål

- Libyas leiar Muamar al-Gaddafi er eit legitimt mål for NATO, seier ein anonym NATO-tenestemann til nyheitskanalen CNN.

Gaddafi holder tv-tale 30. april

Muammar al-Gaddafi er eit legitimt mål, seier NATO-tenestemann.

Foto: Reuters

Tenestemannen har nært kjennskap til NATO-operasjonen landet, melder CNN .

Han vil ikkje svare på om at NATO-styrken no har ordre om å angripe Gaddafi direkte for å ta livet av han.

LES OGSÅ: Frankrike og Italia gir milliarder til Libya-opprørere

Alle naudsynte middel

Han seier likevel at eit direkte angrep på Gaddafi kan rettferdiggjerast ut frå den eksisterande FN-resolusjon 1973. I resolusjonen heiter det at alle naudsynte middel kan brukast for å verne sivile i Libya.

- Fordi han er sjef for dei væpna styrkane, og er ein del av kontroll- og kommandostrukturen i det libyske forsvaret, så er han eit legitimt mål, seier NATO-tenestemannen.

NATOs generalsekretær Anders Fogh Rasmussen

- Gaddafis regime er snart historie, seier NATOs generalsekretær Anders Fogh Rasmussen.

Foto: STR / Reuters

NATO har dei siste dagane intensivert angrepa mot den libyske hovudstaden Tripoli, også mot Gaddafis hovudkvarter.

LES OGSÅ: Frankrike og Italia gir milliarder til Libya-opprørere

LES OGSÅ: Italia støtter Libya-opprørere

- Terrorregime

Onsdag sa NATOS generalsekretær Anders Fogh Rasmussen at det no er på tide å starte planlegginga av det som skal skje etter at Gaddafi har gått av.

- Muammar Gaddafis terrorregime er snart historie, sa Fogh Rasmussen blant anna.

Gaddafi sjølv sa på libysk fjernsyn at han aldri kjem til å overgi seg, og at det einaste han kunne var å forsvare seg til døden.

NATO starta bombeangrepa mot Libya 31. mars, og i første omgang skulle operasjonen vare i tre månader. Nyleg vart aksjonen utvida med nye tre månader.

I går vart det kjent at så mange som 15.000 kan vere drepne i Libya dei siste månadene.

LES OGSÅ: – Gaddafi ga soldatene «sexdop»

LES OGSÅ: Muammar Gaddafi med offensiv mot opprørerne

LES OGSÅ: Krisemøte i Nato om Libya

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt