Hopp til innhold

- Fukushima-katastrofe var eit varsel om at atomkraft aldri blir heilt trygt

– Den katastrofale nedsmeltinga ved Fukshima Daiichi i mars 2011, var eit varsel til verda om at atomkraft aldri blir heilt trygt, seier toppsjefen for anlegget, Naomi Hirose.

Naomi Hirose er toppsjef i Tokyo Electric Power Company (Pepco), som driv Fukushima-anlegget utanfor den japanske hovudstaden. I eit intervju med den britiske avisa The Guardian rettar han ein åtvarande peikefinger til dei ansvarlege for kjernekraftanlegga i Storbritannia.

– Aldri 100 prosent trygge

Toppsjef i Tepco, Naomi Hirose.

Naomi Hirose åtvarar mot å tru at atomkraftverk kan bli 100 prosent trygge.

Foto: YOSHIKAZU TSUNO / Afp

Storbritannia står framfor ei storstilt oppgradering av sine atomkraftverk, og landet skal no byggje ein ny generasjon av slike kraftverk. Hirose åtvarar sine britiske kollegaer mot å tru at dei kan byggje atomkraftverk som er 100 prosent trygge.

– Dei må vere førebudde på det verste for å unngå ein repetisjon på det som skjedde ved Fukushima-anlegget. Vi prøvde å overtyde folk om at anlegga våre var 100 prosent trygge. Det var behageleg både for oss og publikum, seier Hirose i intervjuet.

Han seier det er heilt naudsynt å planleggje for absolutt alle eventualitetar, og at det ikkje er bra nok at anlegga er nesten perfekte.

LES OGSÅ: Siste atomkraftverk i Japan slått av

LES OGSÅ: Ignorerte råd om sikring av Fukushima

Gigantisk tsunami

Japan Nuclear

Oppryddingsarbeidet på Fukushima-kraftverket er enormt omfattande.

Foto: Ap

Fukushima Daiichi, som ligg ved kysten rundt 200 kilometer nordaust for Tokyo, består av seks kjernefysiske reaktorar. 11. mars 2011 var det eit kraftig jordskjelv i havet utanfor austkysten av Japan. Skjelvet utløyste ein gigantisk tsunami.

17 meter høge bølgjer slo inn over kysten og Fukushima Daiichi-anlegget. Kjølesystemet på tre reaktorar vart øydelagt av vassmengdene, og dei tre reaktorane byrja å smelte ned.

Det vart registrert omfattande lekkasje av radioaktive stoff, og fleire titusen menneske måtte evakuerast frå området rundt kraftverket. To og eit halvt år etter katastrofen er eit stort område rundt Fukushima fullstendig avstengt.

LES OGSÅ: Går rundt med geigerteller i eget hus

LES OGSÅ: Naturen overtar i Fukushima

– Kunne ha gjort noko

– Sjølv om det som skjedde ved Fukushima Daiichi-anlegget 11. mars 2011 var ekstremt, så kunne vi ha sett i verk tiltak på førehand som ville ha gjort skadane mindre. Det var feil av oss å ikkje gjere det, seier Naomi Hirose.

Han fortel at etter at han vart ny toppsjef i 2012, så sette selskapet i verk eit utval som skulle sjå på tryggleiken. Dei brukte alle dei ulike rapportane som var laga om ulukka, og informasjonsmengda var enorm.

Fukushima-arbeidere

Arbeidarar på Fukushima-anlegget kledde i vernedrakter.

Foto: /David Guttenfelder / AP

Vi konkluderte med at vi kunne ha gjort noko for å hindre at dette skjedde. Det er ikkje snakk om ein stor ting, men mange småting som saman kunne ha gjort ein forskjell, seier Tepco-sjefen.

LES OGSÅ: 70 ganger høyere radioaktivitet i Fukushima

LES OGSÅ: Starter det farligste og vanskeligste arbeidet siden tsunamien i dag

Vil dele erfaringar

Britiske styresmakter har nyleg inngått ein avtale med det franske statlege energiselskapet EDF Energy om å byggje det første anlegget i Storbritannias neste generasjon av atomkraftverk i Hinkley Point i Sommerset.

Naomi Hirose seier at Tepco er villig til dele sine erfaringar med dei britiske utbyggjarane.

– Vi kan dele all informasjonen og gi dei alle data vi har samla inn etter ulukka. Vi håper at dei vil bruke denne informasjonen til å hindre at ein slik katastrofe skjer igjen, seier han.

Arbeidet med å fjerne brenselstaver fra det ødelagte Fukushima-anlegget i Japan er i gang

Arbeidet med å fjerne brenselstavar frå Fukushima er vanskeleg og tidkrevjande.

Foto: HANDOUT / Reuters
Fukushima-anlegget i Japan

Flyfoto av Fukushima-anlegget i Japan.

Foto: KYODO / Reuters

SISTE NYTT

Siste nytt