NRK Meny
Normal

- FSB drap norske sjukepleiarar

Ein russisk avhoppar hevdar at det var den russiske etterretningsorganisasjonen FSB som drap seks Røde Kors-sjukepleiarar i Tsjetsjenia i 1996. To av sjukepleiarane var norske, Gunnhild Myklebust og Ingebjørg Foss.

Gunnhild Myklebust og Ingebjørg Foss

Gunnhild Myklebust (t.v.) og Ingebjørg Foss var blant dei seks Røde Kors-sjukepleiarane som vart drepne i Tsjetsjenia i 1996.

Foto: AP

Major Alekseij Potyomkin, som oppheld seg i Tyskland, seier at dei kvinnelege sjukepleiarane ikkje var målet for aksjonen mot eit Røde Kors-sjukehus i Noyve Atagai sør for den tsjetsjenske hovudstaden Grosnyj.

LES OGSÅ: Sto presidenten bak?
SE BRENNPUNKT OM SAKEN: Drapene i Novye Atagi

«Search and destroy»

Han fortel i eit intervju med den britiske avisa The Times at FSB-agentane hadde vore i kamp med ei gruppe tsjetsjenske opprørarar, og at dei fekk ordre om å gå inn i sjukehuset for å spore opp fleire opprørarar.

- Det var eit «search and destroy»-oppdrag, seier den tidlegare majoren, eit oppdrag for å spore opp og drepe tsjetsjenske opprørarar.

Det har tidlegare vore rekna med at det var tsjetsjenske opprørarar som stod bak drapa på dei seks sjukepleiarane, men inga gruppe har teke på seg skulda for angrepet.

Aleksij Potyomkon seier til The Times at han var nyutdanna frå FSB-akademiet då avdelinga hans vart send til Groznyj. Dei var i kamp mot opprørarar like ved Røde Kors-sjukehuset. Rundt 12 av opprørarane vart drepne, fortel han, og resten flykta.

Ordren til spesialsoldatane som gjekk inn i sjukehuset var å finne opprørarar på flukt. Det var i denne fasen den fatale feilen vart gjort. Det FSB-soldatane trudde var opprørarar, viste seg å vere seks kvinnelege sjukepleiarar.

Røde Kors trekte seg ut av Grozny etter drapa.

Røde Kors heldt ei minnestund for dei drepne sjukepleiarane før dei trekte seg ut av Groznyj.

Foto: PATRICK AVIOLAT / AFP

- Planta spor

Etterpå prøvde avdelinga å plante spor slik at det skulle sjå ut som om det var opprørarane som hadde drepe sjukepleiarane.

LES OGSÅ: Det russiske problemet Tsjetsjenia

LES OGSÅ: - Kan være starten på Kadyrovs fall

Alekeij Potyomkin seier at det aldri vart sett i verk noko gransking av drapa på dei seks sjukepleiarane utanfor Groznyj.

- Kvifor skulle generalane bry seg om nokre få døde utlendingar når fleire tusen russarar var drepne, spør han .

Bernt Apeland

Bernt Apeland er kommunikasjonssjef i Røde Kors.

Foto: Bengt Kristiansen / NRK

Ved sidan av dei to norske var dei drepne sjukepleiarane frå Sapnia, Canada, New Zealand og Nederland.

- For tidleg

Kommunikasjonssjef i Røde Kors i Noreg, Bernt Apeland, seier til NRK.no at det er altfor tidleg å seie noko om det er noko hald i påstandane frå denne avhopparen.

- Det har ofte dukka opp teoriar og påstandar om kva som skjedde. Det internasjonale Røde Kors vil ettergå desse opplysningane for å sjå om det er noko i det, seier han.

Han seier at Røde Kors har brukt store ressursar på å finne ut kva som skjedde då dei seks vart drepne. Både ut frå at dei pårørande har krav på eit svar, og at det også er viktig for Røde Kors å ha mest mogleg kunnskap om det.

LES OGSÅ: Burde Røde Kors dratt før?

Røde Kors trekte seg ut av Tsjetsjenia etter drapa, som er ei av dei verste katastrofane i den 150 år gamle historia til Det internasjonale Røde Kors.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt