Hopp til innhold

Norsk ambassadør i Kiev fryktar meir valdsbruk i natt

Noregs ambassadør i Ukraina, Jon Elvedal Fredriksen, er sterkt uroleg for kva som vil skje utover kvelden og natta i Kiev.

Etter dei harde samanstøytane mellom politi og demonstrantar på Sjølvstendeplassen i går og i natt, der 26 menneske vart drepne og så mange som 1000 kan vere såra, så har det vore rolegare i Kiev i dag.

– Demonstrantane er der, og politiet har kringsett Sjølvstendeplassen. Vi ser også rapportar om at demonstrantane har produsert fleire brannbomber. Det er absolutt fare for meir alvorleg uro, seier ambassadøren til NRK.

Møtte utanriksministeren

Uro på Sjølvstendeplassen i Kiev.

Demonstrantane på Sjølvstendeplassen i Kiev er klare for nye samanstøytar.

Foto: DAVID MDZINARISHVILI / Reuters

Han kan fortelje at han i dag, saman med fleire andre ambassadørar, har vore i møte med Ukrainas utanriksminister, og at han avviste at det er sett i verk unntakstilstand.

– Vi ser likevel at det er sett i verk ein del tiltak. Metroen (T-banen) er stengt, skulane har vore stengde i dag og folk er bedne om å halde seg heime. Det er sett opp mange kontrollpostar langs innfartsvegane for å hindre at nye demonstrantar skal ta seg inn til Sjølvstendeplassen, seier Fredriksen.

Den norske ambassadøren synest det er vanskeleg å seie noko om regjeringa er meir eller mindre viljug til forhandlingar i dag.

LES OGSÅ: Demonstranter nekter å gi seg: – Dette er allerede en borgerkrig

LES OGSÅ: Janukovitsj sparkar sjefen for hæren

Langvarige forhandlingar

– Vi skal hugse på at då uroa starta i går, så skjedde det medan partane var inne i ein langvarig forhandlingssituasjon. Parlamentet skulle i går ha vedteke ei grunnlovsendring, som kunne ha auka sjansane for å få til ei løysing. Men siste døgnet har det definitivt ikkje vore forhandlingar, legg han til.

Jon Elvedal Fredriksen kan fortelje at kontakten som har vore i går kveld og i dag mellom opposisjonsleiarane og presidenten, ikkje har ført til noko. Presidenten har fleire gonger sagt at han var interessert i forhandlingar.

Han har inntrykk av at president Viktor Janukovitsj kravde at opposisjonsleiarane skulle ta avstand frå valdsbruken til demonstrantane, men at dei ikkje utan vidare var viljuge til det.

Åse Marit Befring om Ukraina

BRUSSEL: Korrepondent Åse Marit Befring om situasjonen i Ukraina.

– Noreg kan støtte sanksjonar

Børge Brende

Utanriksminister Børge Brende (H) tek sterk avstand frå valdsbruken i Ukraina.

Foto: Lise Åserud / NTB scanpix

Utanriksminister Børge Brende seier til NRK at Noreg truleg vil følgje EU, dersom EU tek ei avgjerd om å innføre økonomiske sanksjonar mot Ukraina. Han seier at mykje talar for at omverda må sende ein endå sterkare signal til president Janukovitsj.

– Mykje tyder på at Janukovitsj berre forstår makta og det økonomiske språk. eg trur han no tel på knappane om han skal inngå eit kompromiss med opposisjonen eller ikkje. Det gjerd gjer det vanskelegare at han som leiar for Ukraina, har ansvaret for valdsbruken det siste døgnet. Det står også att å sjå om han klarar å få med seg hæren og politiet på å slå til mot opposisjonen, seier Brende.

Brende, som sjølv møtte både Janukovitsj og opposisjonsleiarane i Kiev i desember i fjor, meiner situasjonen no er langt verre enn under Oransjerevolusjonen.

LES OGSÅ: – To veier ut av krisen i Ukraina

LES OGSÅ: – Janukovitsj har blod på hendene

– Eit sterkt verkemiddel

– Vi må hugse at den gongen vart ikkje eit einaste vindauge knust i Kievs gater. No er det ein veldig dramatisk situasjon. Noreg fordømer valden som er brukt mot demonstrantane. President Janukovitsj ber ansvaret for dette, og det har vi kommunisert til den ukrainske ambassadøren, som vart kalla inn til UD onsdag ettermiddag.

Han minner om at det er eit sterkt diplomatisk verkemiddel å kalle inn ein ambassadør og ta så sterkt avstand for valdsbruken. Noreg kritiserer også at dei ansvarlege for valden ikkje blir stilte for retten.

LES OGSÅ: Se bildene fra Kiev 19. februar

Uro på Sjølvstendeplassen i Kiev.

Det brenn friskt på Sjølvstendeplassen i Kiev også i kveld.

Foto: YANNIS BEHRAKIS / Reuters

SISTE NYTT

Siste nytt